Nyheter

Metodisten frå møblert heim

Hillary Clinton har hatt ei lang rekkje framskotne jobbar. I botnen er ho metodist.

Målgruppa er retorisk definert. Ho skal bli valt til president med støtte frå «kvardags-amerikanarar». Orda var målt på gullvekt før dei blei kringkasta til folket sundag:

– Kvardags-amerikanarar treng nokre som kjemper for dei. Eg vil vere den personen, sa Hillary Clinton.

Då den tidlegare utanriksministeren nokre timar seinare stoppa på ein bensinstasjon i delstaten Pennsylvania, lasta presidentkandidaten opp eit bilde på Twitter av seg sjølv saman med ein «vanleg» familie.

Sjølv er ikkje Clinton vanleg. Faktisk har kvinna frå ein middelklasseheim knapt vore «kvardagsamerikanarar». Frå high school gjekk vegen til prestisjeuniversitetet Yale og jusstudier. På biblioteket på Yale møtte ho ein annan student med ambisjonar. William Jeffersson Clinton. Bill blant vener.

LES OGSÅ: Den eventyrlige kvinnen som gikk foran

Kjenner ikkje bensinprisen

Ekteparet flytta til Bills heimstat Arkansas for å byggje karrierar, og sidan ektemannen blei guvernør i 1979, har Hillary budd i svært møblerte heimar.

Først i guvernørens residens, så åtte år i Det kvite hus og til sist i utsøkte, eigne husvære i New York og Washington. Betalt med millioninntekter frå bøker og foredrag. Så det er langt til husvognene og kvardags-amerikanarane Clinton no skal oppsøkje med bøner om å bli valt til USA første kvinnelege president. Og dit blir ho kjørt.

– Eg har ikkje kjørt bil sidan 1996, vedgjekk ho i møte med amerikanske bilseljarar i fjor. Dermed har ho ikkje som kvardags-amerikanarar flest måtte betale for bensinen sjølv.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Frå metodistfamilie

Sidan Hillary Clinton entra den offentlege scena som advokat i Little Rock og som ektefellen til guvernør Clinton, har ei sak stått fast hjå presidentkandidaten. Ho er ein trugen metodist.

Clinton er fødd inn ein familie med solide metodistrøter, så då Bill og Hillary flytta til Washington for å ta bustad i Det kvite hus, valde ekteparet ei metodistkyrkje som sin andelege heim, sjølv om presidenten var baptist. Hillary bestemte. Akkurat som at dottera Chelsea skulle konfirmerast i metodistkyrkje.

Metodistrøtene går heilt tilbake til metodismens far. John Wesley var mannen som fekk omvendt tipp-tipp-oldeforeldrene til Hillary.

Clinton har alltid ein bibel i veska, men er ikkje den som forkynner trua ofte og høglydt. Slikt er ikkje naturleg for meg, har ho sagt i TV-intervju. Men Clinton fortel at ho ber dagleg – om å få visdom, mot og styrkje.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter