Nyheter

Menn styrer unna skulen

Mannlege lærarar vil ikkje vere åleine på skular som eit «vandrande kjønn»

Stadig færre menn ønskjer å bli lærarar i grunnskulen. No er berre kvar fjerde lærar ein mann. For ti år sidan var talet 30 prosent, fortel tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI).

Reform, eit statleg støtta ressurssenter for menn, er bekymra. Sosiolog og seniorrådgjevar Ole Bredesen Nordfjell seier at i medan mange skular har få mannlege lærarar, er det fleire skular som berre har kvinnelege lærarar. Han trur dei sistnemnde skulane slit hardast med å få menn til å søkje ledige jobbar.

– Ein einsleg mannleg lærar blir fort eit «vandrande kjønn» – og det er ein strevsam posisjon å ha, seier Nordfjell til Vårt Land.

– På kva måte?

– I drøftingar på arbeidsplassen kan det lett bli slik at ein einsleg mannleg lærar blir spurt om kva han meiner som mann, ikkje som lærar. Kjønnet blir viktigare enn profesjonen, forklarar Nordfjell.

LES OGSÅSolberg: Tillitskrise i skolen

Flest i nord

Lærartala avdekkjer at det er tydelege regionale skilnadar på kor mange menn det er i skulestovene rundt om i Norge, melder Utdanningsnytt.no:

Tilhøva er best i Nordland, her er vel 28 prosent av lærarstaben i grunnskulen menn. På botn ligg Akershus med vel 22 prosent.

Ei viktig forklaring på mannemangelen i grunnskulen, er talet på menn og kvinner som fullfører ei lærarutdanning på høgskular og universitet. Siste oversikt frå Statistisk sentralbyrå viser at våren 2013 blei det uteksaminert nesten 2.000 mannlege lærarar og 5.500 kvinnelege lærarar.

Eit verdispørsmål

Nordfjell som tidlegare har arbeidd ved Likestillingssenteret – no ein del av Likestillings- og diskrimineringsombodet – åtvarar mot ein mannsfattig skule:

– Skulen er ein viktig samfunnsarena. Difor bør elevar få møte fleire menn enn dei gjer i dag. For meg er dette eit verdispørsmål.

– Korleis det?

– Det er viktig at både menn og kvinner bryr seg om barns utvikling og velferd. Difor burde skulen hatt fleire mannlege lærarar.

LES OGSÅ: Kvinner regjerer i skolen

Høgare utdanning og lønn

Forskar Ander Bakken ved NOVA - Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring har granska mannlege og kvinnelege lærarroller. Hans konklusjon er at det betyr lite for elevprestasjonane om læraren er mann eller kvinne. Han seier fleire mannlege lærarar ikkje er ein magisk medisin mot gutars svake skuleprestasjonar – etter å ha undersøkt 130.000 elevar og 14.000 lærarar ved over 500 ungdomsskular i Norge.

Men i ein artikkel i Tidsskrift for ungdomsforskning viser Bakken fram eit anna funn:

Det er ikkje tilfeldig kva skuler kvinnelege og mannlege lærarar underviser på. Kvinnelege lærarar er overrepresenterte på skuler med mange elever som har foreldre med høg utdanning og høg inntekt. Bakken fann ut at på skular med overvekt av mannlege lærarar har kvar av foreldra i snitt 1,3 år kortare utdanning, og dei tener i snitt nesten ein kvart million kroner mindre i året samanlikne med skuler med flest kvinnelege lærarar.

«Men hvorfor villigheten til å ansatte kvinner skulle være større i mer bemidlede områder er vanskelig å forstå. Trolig har kjønnsspesifikke forhold på de lokale arbeidsmarkedene mer å si, slik at tilgangen på kvinnelige lærere er høyere i områder med høyt utdannet befolkning», skriv Bakken.

Skule utan menn

Lesterud skole i Bærum har ikkje hatt mannlege lærarar dei siste åra.

– Vi har hatt ledige stillingar – og mannlege søkjarar, men dei nådde ikkje opp i konkurransen med dei kvinnelege søkjarane, fortel avdelingsleiar Kristin Vestnes til Vårt Land.

– Vi må ha dei beste lærarane. Då kan vi ikkje la vere å velje kvinner når dei er best kvalifisert.

Ho skulle gjerne hatt mannlege kollegaer. Ho trur som forskar Andreas Bakken i NOVA (sjå eiga sak) at det betyr lite for elevprestasjonane om læraren er mann eller kvinne.

– Men for skulemiljøet ville det vore bra å ha hatt mannlege kollegaer, seier Vestnes.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Blitt omsorgsyrke

– Ressurssenteret Reform meiner at ein einsleg mannleg lærar på ein skule fort kan bli eit «vandrande kjønn» – samd?

– Dei har eit poeng. Å vere einaste mann saman med eit tital kvinner kan vere utfordrande, vedgår Vestnes.

– Kvifor vel ikkje fleire menn på bli lærarar?

– Eg trur det handlar om status, lønn og omsorgsutfordringar; læraryrket er langt på veg blitt eit omsorgsyrke, trur den røynde skuleleiaren på Lesterud skole i Bærum.

LES OGSÅ: Vil likestille skolen

Menn først

I nabokommunen Asker prøver dei no å få fleire mannlege lærarar ved å prioritere menn når ledige stillingar blir lyste ut.

Menn og kvinner skal handsamast likt, krev likestillingslova. Men ei forskrift seier at menn kan veljast før kvinner til stillingar der hovudoppgåva er undervisning eller omsorg for barn – dersom menn er underrepresenterte.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter