Kultur

– Med guidebøker finn du ikkje det autentiske

Reiseguru Gunnar Garfors har ei sterk motvilje mot guidebøker.

– Talet er 198, seier han stolt.

Alle besøka er omtala i den ferske reiseboka med same namn, 198. Talet får du om tek medlemslanda i FN, 193, legg til dei to som har observatørstatus, Vatikanstaten og Palestina, og legg til dei tre som er anerkjende av ei rekkje av FNs medlemsland, Kosovo, Taiwan og Vest-Sahara. Siste land på den lange reiseruta var den afrikanske øystaten Kapp Verde.

– Eg har brukt all fritid og alt eg har tent i fleire år, men det var verdt det, seier den reisande.

– Har du slutta å reise?

– Nei, no bur førebur eg ein tur til Antarktis.

– Kvifor har du så sterk reiselyst?

– Eg vil oppleve nye kulturar, kome bak guidebøkene, møte menneske der dei lever.

Droppar guidebøker

Apropos guidebøker. Gunnar Garfors seier det rett ut:

– Eg har ei sterk motvilje mot guidebøker. Skal du få glimt av eit lands kulturar, skal du aldri reise med guidebøker. Gjer du det, møter du berre likesinna; turistar som jaktar dei same hotella, dei same resturantane, dei same musea, dei same opplevingane. Resultat: Dei som bur i landa du vitjar forsvinn, dei blir usynlege.

– Men korleis budde du deg på dei 198 reisene?

– Eg las om økonomiske, politiske, sosiale og historiske tilhøve i landet. Når eg så kom fram, kasta eg meg ut i folkelivet. Snakka dei eit språk eg ikkje forsto, fann eg nokon som kunne litt engelsk, som kunne tolke.

LES OGSÅ: Kongeparet på hemmelig reise til Påskeøya

Sjel og lekam

To kulturutrykk er særs viktige for Garfors når kjem til ein ny stad. Han må smake på musikken og maten. Det er føde for sjel og lekam.

– Difor er det viktig å ikkje la ei guidebok styre reisa. Då finn du ikkje det autentiske, det som ikkje er tilpassa smaken til turisten.

– Om du lenar deg tilbake, tenkjer over alle dei 198 landa, kva kulturoppleving er svidd fast?

– Åh, det må bli kyrkjekaffien i Kongo Brazzaville, seier Garfors.

– Det var sundag, og eg hadde funne vegen til ei kyrkje i hovudstaden Brazzaville. Eg snakkar ikkje fransk, men blei likevel med på kyrkjekaffien etter gudstenesta. Og det skal eg seie deg, det blei ein heilt annan kyrkjekaffi enn dei eg har vore med på heime i Sunnfjord. Det blei ein fest! Dei feira den nye presten i kyrkjelyden med gospelsong av ei anna verd.

Smakte mark

Gunnar Garfors er alltid nyfiken på det matborda byr på. Når han deler ut stjerner til kokkane, er det tre afrikanske byar som får gourmetomtale, Anatananarivo på Madagaskar og Cape Town og Johannesburg i Sør-Afrika.

– Kva er det særaste matminnet?

– I Vietnam blei ein kongekobra til ti rettar. Men det absolutt særaste var nok marken eg åt på ein restaurant i Sør-Afrika.

– Korleis var smaken?

– Utan sausen var det heilt greitt. Med saus var det forferdeleg.

– Kva er favorittlandet, reint matkulturelt?

– Eg er svært glad i sjømat, så Japan hadde umåteleg mykje å by på. Å stå på fiskemarknaden i Tokyo tidleg morgon og skode det enorme utvalet, ja, det var overveldande. Men skal eg velje eit land, blir det Marshalløyane. Tunfisken dei bydde fram i denne fattige øystaten var umåteleg velsmakande.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur