Nyheter

– Mange har opplevd det same sjølv

Marthe Valeberg har denne veka skrive blogginnlegg om sine fire spontanabortar og to provoserte abortar.

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar. Mange har opplevd noko av det same sjølv og seier dei ikkje kjenner seg så åleine når eg er open om dette, seier Marthe Kveli Valeberg.

Valeberg er butikkeigar, stylist og designar. I tillegg bloggar ho for Side2 Nettavisen. Dei siste dagane har ho fått masse tilbakemeldingar etter å ha skrive blogginnlegg om sine fire spontanabortar og to provoserte abortar.

LES OGSÅ: Beskylder samfunnet for dobbeltmoral om Downs

Trisomi 18

Kjedisstylisten skriv at første gongen ho vart gravid var etter assistert befruktning i 2008, men legane oppdaga at fosteret var alvorleg sjuk med diagnosen trisomi 18.

– Korleis var det?

– Det var mange veker med spørsmål og tårer. Men sidan 80 prosent av trisomi-fostera døyr i magen og resten lever i åtte sekund i gjennomsnitt, var det ikkje håp igjen.

– Nokre mødrer vel å bere fram sine trisomi-barn sjølv om sjansen er låg for at dei skal overleve. Kva tenker du om det?

– Det må vere eit val som ein må tenke godt gjennom sjølv. Eg hadde håpa på at fosteret var levedyktig. Då hadde eg kanskje teke eit anna val.

LES OGSÅ: Abortlege innrømmer at det er vanskelig å være helt nøytral

Fekk ei jente

Men etter fjerde forsøk klarte Kveli Valeberg å bere fram eit born.

– Det var ei glede. Sjølv om det hadde vore eit tungt svangerskap på grunn av bekkenløysning, så var det absolutt verdt det. Eg hadde gjort det igjen.

Etter eit halvt års tid vart ho naturleg gravid med ektemannen, men valte likevel å avslutte svangerskapet.

– Eg brukte både krykker og rullestol under svangerskapet med Emma Louise. Legane sa at eg risikerte å bli sitjande i rullestol over langt tid. Om det var tre eller fem eller ti år, veit ingen. Men ingen hadde vore tent med at eg vart sitjande i rullestol med ein kropp som ikkje fungerte og to born, seier Valeberg.

LES OGSÅ: Helsedirektoratet: Senaborter var ikke ulovlig

Prioriterte eiga helse

Valet om å ta abort var knalltøft, skriv stylisten:

«Det var et fryktelig vanskelig valg, og jeg gråt i mange dager av dårlig samvittighet for at jeg hadde valt å prioritere min egen helse foran det lille fosteret...»

– Det var heilt forferdeleg. Det er den verste avgjersla eg har teke i heile mitt liv og skulle gjerne vore utan denne opplevinga, seier Kveli Valeberg til Vårt Land

I sitt førebels siste blogginnlegg skriv ho at ho måndag skal setje inn eit nytt befrukta egg.

– No er eg veldig spent, men samtidig har eg vore gjennom så mange ting at eg er litt kjenslelaus. Difor prøver eg å tenke minst mogleg på det.

Prøver igjen

– Kvifor forsøker du å få fleire barn når det har gått gale så mange gongar?

– Eg har berre lyst på fleire barn. Og eg vil at dotter mi skal få søsken. Så eg gir ikkje opp enno.

Å ha fått berre eit born etter seks graviditetar er ingen ønskeposisjon, fortel motearbeidaren.

– Men det er mange som opplever det same. Mange har vanskelegare liv enn det som vi ser på utsida, spesielt det vi får sjå av folk på sosiale medium. Difor er det viktig å også snakke om det som ikkje går etter planen, seier Kveli Valeberg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter