Lysbakken svekker samlivshjelp
Par som slit seg ut i omsorga for funksjonshemma barn, vil miste kurs som gjev dei pusterom og hjelp til å snakke saman.
Una Kvalø-Hamann og mannen Ingo levde i tider på sjukehuset då Ive Wilhelmine var svært sjuk. Dei fekk hjelp av samlivskurs for å klare seg som par.
Privat
I statsbudsjettet har familieminister Audun Lysbakken gjort eit kraftig kutt i tilskotet til samlivskursa Hva med oss? og Godt samliv. Nær 5,9 millionar kroner er skorne vekk med budsjettkniven. Kring to av tre kroner til administrasjon og kurs vert fjerna med Lysbakkens raude makt frå samlivsbudsjettet, frå løyvinga i år på 9,2 millionar.
– Dette vil medføre klart redusert kurstilbod, forklarar avdelingsdirektør Kjetil Horgmo i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som må gjennomføre kuttet dersom budsjettet vert vedteke i Stortinget.
Strevsamt. Det skaper kraftige reaksjonar hos folk som har vore på kurs. Una Kvalø-Hamann og mannen Ingo frå Horten var på kurs medan den svært sjuke dottera Ive Wilhelmine levde. Då ho var eit halvt år gammal, fekk foreldra vite at ho hadde eit sjeldant syndrom, Aicardi. Ho fekk tiltakande epilepsi og tiltakande pustesvikt. Foreldra gjorde alt dei kunne for å vere til stades.
Bestill abonnement her
KJØP