Nyheter

Listhaug gav jødar tollsjokk

Ein kilo kosherkjøttdeig skulle koste nesten 300 kroner, meinte matminister Sylvi Listhaug (Frp). No blir satsar vurdert på nytt.

– Vil norske styresmakter ha jødisk liv i Norge, spør Ervin Kohn, forstandar i Det mosaiske trossamfunn.

Då matminister Sylvi Listhaug presenterte dei nye tollsatsane på importert kosherkjøt – kjøt frå dyr som er slakta med jødiske slaktemetode – blei Kohn opprørt:

– Vi får ikkje lov til å bruke jødisk slaktemetode, så vi må importere alt av kosherkjøt. Det gjer at ein kilo kjøtdeig kostar nesten 200 kroner i kosherbutikken som forsamlinga vår i Oslo driv. Med den nye tollsatsen statsråden la fram vil ein kilo koste nesten 300 kroner, fortel Kohn, og legg til:

– Det er dyrt å vere jøde i Norge.

Lik pris

Kohn meiner kosherkjøt burde hatt same pris som anna kjøt som blir selt i norske daglegvarebutikkar.

– Kvifor skal det vere dyrare å vere jøde? Vi meiner staten her bør subsidiere kosherkjøtet slik at vi får normale prisar, seier Kohn.

Han peikar på at ved juletider dei siste åra har det vore ribbemangel i Norge:

– Kva har ein gjort då?, Jau, styresmaktene har opna for å kutte tollsatsane på importert svinekjøt for at nordmenn skal få billeg ribbe.

Ny vurdering

Lista med kjøtprisar som viser sluttsum etter påslaget av dei siste tollsatsane, viser at landbruksstyresmaktene meiner norske jødar må godta at mange råvareprisar stig med frå 30-40 til 80 prosent.

Vårt Land har spurt matminister Sylvi Listhaug om bakgrunnen for at tollsatsane skal oppjusterast kraftig. Men statsråden var ikkje tilgjengeleg.

Listhaugs statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal (Frp) skriv i ein e-post til Vårt Land at departementet trekkjer tilbake satsane inntil vidare:

– Det har kome reaksjonar på nivået på tollsatsane på koshermat. På grunnlag av desse har Landbruks- og matdepartementet bede om at Landbruksdirektoratet vurderer tollsatsane på nytt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Null i toll

Ervin Kohn er tydeleg på at tollsatsen eigentleg bør ned til null.

– Dersom det er umogeleg bør staten gå tilbake til den gamle ordninga med 2,40 per kilo i tollavgift på importerte kosherkjøtvarer.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter