Nyheter

Kyrkjelydar gjev kollekt til asylbarn

Ein innsamlingsaksjon har fått nesten 700.000 kroner til rettshjelp for lengebuande asylbarn.

– Målet er å samle inn ein million kroner. Vi er kjempeglade for alle som har gjeve pengar, slik at barn med endeleg avslag på asylsøknadane, men som er blitt buande i Norge i årevis, skal få juridisk hjelp, seier initiativtakar og advokat Aina Heldal Bøe.

Ho opplyser at opp mot 480 barn er i den gruppa dugnaden rettar seg mot, og aksjonen sikrar gratis rettshjelp til barna og familiane deira.

LES KOMMENTAREN: Ubegripelig asylbarnretur

– Kven gjev?

– Brorparten er privatpersonar, nokre store summar kjem frå organisasjonar og så har vi fleire kyrkjelydar som har gjeve kollektar og andre innsamlingar til aksjonen, fortel Heldal Bøe.

Ytre Arna kyrkjelyd i Bergen skal 11. januar samle inn pengar til rettshjelpdugnaden. Bakgrunnen er at guten som blei eit symbol på lagnaden til dei såkalla asylbarna, Nathan Eshete, høyrer til i kyrkjelyden.

– Vi hjelpte han, no vil vi hjelpe andre som er i same situasjon som Nathan, forklarar soknerådsleiar Tor Oddvar Holmefjord.

LES OGSÅ: V og KrF: Asylkamp stresser samarbeidet

Strid om forskrift

Initiativtakar Aina Heldal Bøe er juristen frå Bergen som blei landskjent då ho organiserte ei støttegruppe for Nathan Eshete. Guten som blei buande i Norge i sju år utan lovleg opphald. Etter fjorårets rettssak fekk han og familien bli.

Tysdag avdekka Bergens Tidende at lengebuande barn er sendt av Norge det siste året, trass i at ein avtale mellom Solberg-regjeringa og KrF og Venstre sa at desse barna ikkje skal stå først i køen når returflya lettar.

Dei fire borgarlege partia signerte ein asylavtale før dei blåblå skipa regjering i fjor haust. Men etter mange og lange forhandlingsrundar er partia endå ikkje blitt samde om kva den nye utleningsforskrifta skal seie om lengebuande barn.

LES OGSÅ: Hareide forventer stans i retur av asylbarn

– Ei løysing er like rundt hjørnet, og vil iallfall vere på plass før jul, sa statsminister Erna Solberg i Stortinget i går.

Striden står om utlendingsforskrifta. 1. juli kom det ei forskrift, den såkalla eingongsløysing som gjev opphald til om lag 140 barn som har budd fleire år i Norge. Innan det blir jul skal partia bli samde om ei ny forskrift som skal gje ei varig løysning for dei lengebuande barna.

Søkjer rettstryggleik

Regjeringa innfører nye regler for lengebuande barn, men tek ikkje ansvar for at dei aktuelle familiane får informasjon eller naudsynt juridisk bistand, seier Noas, som administrerer rettshjelpdugnaden Aina Heldal Bøe starta i sommar.

LES OGSÅ: Mange asylbarn kunne fått bli

Utdanningsforbundet har gjeve 50.000 til aksjonen. Dei vil vere med å sikre «asylsøkerbarns rettstryggleik».

– Vi må forsikre oss om at dei som risikerer utsending får den behandlinga vi har forplikta oss til å gi dei. Det verste som kan skje er at barn som har krav på opphald i landet blir sendt ut, seier nestleiar Steffen Handal.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter