Nyheter

Kyrkjefond ut av Verdibanken

Opplysningsvesenets fond var ikkje nøgd med utviklinga i Verdibanken og selde seg ut. Før salet skreiv fondet kraftig ned verdien på aksjane.

Verdibanken har fått fleire nye storeigarar etter at store aksjonærar har selt seg ut av banken som blei etablert i 2003. Fram til i sommar var Opplysningsvesenets fond (OVF) nest største eigar i banken. Fondet investerer i verdipapir, eigedom og kraftselskap for å sikre framtidige inntekter til Den norske kyrkja. Ved utgangen av 2012 forvalta OVF verdiar for 7,2 milliardar kroner. Av dette utgjorde finanskapitalen rundt 1,8 milliardar kroner. Fondet eigde 7,66 prosent av aksjane i Verdibanken.

Direktør Ole-Wilhelm Meyer er ordknapp når Vårt Land spør om kvifor OVF kvitta seg med eigarposten i Verdibanken:

– Vi var ikkje nøgde med utviklinga i banken.

– Kva ved utviklinga var de ikkje nøgde med?

– Eg ønskjer ikkje å utdjupe svaret, seier Meyer.

LES OGSÅ: Verdibanken får nye eiere

Sjef og styre gjekk. Sidan seinhausten 2012 har desse sakene prega Verdibanken:

• Leiinga i banken investerte både eigne og bankens midlar i valutaspekulasjon i gråmarknaden. Banken måtte bokføre eit tap på ni millionar kroner.

Finanstilsynet kom i ein tilsynsrapport med særs kraftig kritikk av banksjef og styret for drifta av banken.

• Banksjef gjekk på dagen og styret stilte sine plassar til disposisjon.

• Ny styreleiar og delar av nytt styre gjekk av etter at store eigarar avviste kandidaten styret hadde til ny banksjef. Kandidaten ville mellom anna ikkje avvikle eigarskap i vingard i Italia.

• Verdibanken har i 2012 og 2013 brukt rundt fire millionar kroner på advokatar og omdømmerådgjevarar for å rydde opp etter valutaspekulasjonen.

– Er det dette som har påverka OVFs syn på Verdibanken, Meyer?

– Eg ønskjer ikkje å seie meir enn at OVF ikkje var nøgd med utviklinga i banken.

I årsrapporten for 2013 fortel fondet at investeringa i Verdibanken ikkje blei gullkanta. Aksjane hadde ein kostpris på 10,4 millionar kroner. I rekneskapen for 2013 blei marknadsverdien skriven ned til 2,6 millionar kroner. Med det tok OVF i fjor eit urealisert tap på 7,8 millionar kroner før dei i år selde seg heilt ut.

Sparebank er størst. Etter at handelen med Verdibanken-aksjar var over i sommar, hadde også den største aksjonæren selt seg ut. Primagruppen i Grimstad sat på 12,94 prosent aksjane. Mediekonsernet Mentor Medier, som mellom anna eig Vårt Land og Dagsavisen, eig framleis 7,38 prosent av aksjane, men har tatt steget ned frå tredje til fjerde største eigar.

Kragerø Sparebank er no største eigar i Verdibanken. Lokalbanken i Telemark har kjøpt 9,99 prosent av aksjane. Dei andre store eigarane er no Remco AS med 7,91 prosent, Alfred Berg Kapitalforvaltning med 7,65 prosent, Mentor Medier AS med 7,38 prosent, Byholt AS med 6,23 prosent og Credokirken med 5,29 prosent.

Trur på vekst. Administrerande banksjef Jon Gunnar Guste-Pedersen i Kragerø Sparebank forklarar kjøpet av aksjar i Verdibanken slik:

– Vi driv ein lokal sparebank og ser på Verdibanken som ein spennande nasjonal bank. Vi trur Verdibanken vil utvikle seg godt, trass alt som har vore i det siste. Banken har kundegrupper som kan skape vekst, seier han til Vårt Land.

Guste-Pedersen vil ikkje kommentere uroa rundt banken. Han nøyer seg med å seie at «no er det ro rundt drifta».

Leiar for representantskapet i Verdibanken, Helge Etnestad, seier i ei pressemelding at det er «positivt og spanande med nye eigarar som ser det potensialet som ligg i Verdibanken».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter