Nyheter

Kyrkje omringa av flaumen

I Evenstad kapell måtte orgelet reddast frå flaumstor Glomma.

Atter ein gong ligg Evenstad kapell i Østerdalen midt i flaumen. Glomma går så flaumstor at kyrkjeverge Jon Rotbakken måtte torsdag bruke båt for å kome ut til kapellet som ligg i Stor-Elvdal kommune.

– Det var så vidt det gjekk, for straumen i elva er sterk, fortel han.

Redde orgel. Vel framme i kyrkja var jobb nummer ein å redde orgelet.

– Vi sette det på lecasteinar, så dersom vatnet kjem inn i kyrkja skal ikkje orgelet bli øydelagt.

Flaumtoppen nådd. Rotbakken har stor tru på at øydeleggingane ikkje blir like store som under storflaumen i 1995.

– Då måtte ein ta opp golv og rette opp graver på kyrkjegarden. No melder NVE at flaumtoppen er nådd, så no går vasstanden ned.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter