Nyheter

Kyrkja bøtelagt etter papirlaus tilsetjing

Kyrkja i Stavanger har fått ei bot på nær 100.000 kroner for å ha tilsett ein papirlaus flyktning, men angrar ikkje på lovbrotet.

Ein papirlaus flyktning utan arbeids- eller opphaldsløyve fekk lov til å jobbe ulovleg hjå Hinna kyrkjelyd i Stavanger. Det kosta kyrkja 96.000 kroner. Kyrkjeverje i Stavanger, Svein Inge Thorstvedt, seier at det kyrkjelege fellesrådet valde å oversjå lovverket, og let flyktningen skjøtte ein deltidsjobb i fjor.

– Desse menneska er i ein heilt håplaus situasjon. Sidan vi som kyrkje har eit særskilt ansvar for dei svake, valde vi å ha denne personen tilsett på ulovleg vis, seier han til NRK Rogaland.

32 bedrifter bøtelagde. 32 bedrifter i Rogaland har vorte bøtelagde av statsadvokaten for same lovbrot, for til saman fem millionar kroner. Den største bota er på ein halv million, ifølgje Stavanger Aftenblad.

I dag vedtok kyrkja i Stavanger å betale bota på 96.000 kroner. Diakon i Hinna kyrkjelyd, Gunhild Andersen, har papirlause flyktningar som sine hjarteborn. Ho vert ikkje skremd av politiet:

– Dersom eg må velje mellom å bryte lova, eller hjelpe eit menneske, vil eg heller hjelpe eit menneske. I ytste konsekvens er dette ei sak eg kan gå i fengsel for, seier ho til NRK Rogaland.

Ber om lovendring. I dag leverte aksjonistar i Rogaland brev til lokale stortingsrepresentantar, der dei ber om at styresmaktene endrar lovverket eller praktiseringa av lovene.

Frå 1. januar 2011 stramma regjeringa opp lovverket, og tok skattekortet frå 18.000 papirlause flyktningar i Noreg. Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Tore Nordtun, meiner ein bør revurdere innstramminga.

– Når ein ser at denne gruppa er veksande i Noreg, må vi på eit eller anna tidspunkt gjere opp status og sjå på korleis vi skal handsame situasjonen, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter