Nyheter

Kristent kapell blei seremonirom for alle livssyn

Kristin Mile rosar ombygging for å romme mangfald i Drammen.

Eit livssynsnøytralt seremonilokale er opna i Drammen. Alle var nøgde, også humanetikarane. men dei reagerte då dei fann krossteikn i eit rekkverk.

– Dette er det finaste seremonirommet eg nokon sinne har sett, sa Abbas Ghulam. Sidan 2002 har han drive al-Khidmat begravelsesbyrå eit av dei få uslimske gravferdsbyråa i Noreg.

Kristin Mile som er generalsekretær i Human-Etisk Forbund, rosa Drammen kommune og Drammen kyrkjelege fellesråd, skriv nettstaden Fri tanke.

Ho sa at Drammen er ein føregangskommune i eit land der altfor mange ikkje har tilgang til eit livssynsnøytralt rom for bryllaup, dåp eller gravferder.

Kyrkjeverje Ivar Nygård sa at dette ikkje berre er eit livssynsnøytralt rom, han ville heller kalle det eit livssynsfleksibelt rom.

Rommet er i røynda eit oppussa og tilpassa tidlegare kristent kapell knytt til Drammen krematorium.

Endringa går ut på at eit teppe eller lerret vert hengt framfor ein kristen veggmosaikk i enden av rommet. Når teppet er nede, fungerer det som lerret der det kan visast stemningsbilete, symbol eller bilete av avdøde i ei gravferd eller av brudeparet i eit bryllaup. Ein videoprojektor er kjøpt inn. Stolane kan lett setjast saman slik arrangørane ønskjer det.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter