Klima

– Klima blir brukt til å lage ny religion for vestleg middelklasse

Aslak Sira Myhre hardt ut mot miljørørsla.

Sira Myhre skuldar miljørørsla for å vere dommedagsprofetar, moralistar og berarar av ein potensielt totalitær ideologi.

«Miljøbevegelsen bruker klima til å grunnlegge en ny religion for den vestlige middelklassen», skriv Sira Myhre i ein kronikk i Dagbladet og ein artikkel i Samtiden.

Sira Myhre er tidlegare leiar i RV og grunnleggjar av Litteraturhuset i Oslo.

Han skildrar ifølgje avisa ein «religion» der den vestlege fornbrukaren med ferdigmat, plastleiker og charterturar er syndaren, og der frelsa er å leggje om til livsstilen til miljøvernarane - med trim, bøker og teater.

«Likheten med den katolske kirkes idé om dødssynder og frelse er slående», hevdar Sira Myhre.

Han seiuer at dette e rnoko han har brent inne med lenge.

– Jeg opplever at de konstante dommedagsprofetiene er til skade for miljøsaken og venstresida. De er så dominerende på venstresida at debatt om næringsliv og infrastruktur nærmest drukner.

Mer fra: Klima