Nyheter

Klage på ekteskapslova avvist i Strasbourg

– Den juridiske kampen er over, seier Nina Karin Monsen.

Foreningen Sant Ekteskap (FSE), med Nina Karin Monsen i spissen, vann ikkje fram med si klage i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Med seg på laget hadde foreininga 542 ektepar. Saman kravde dei retten til å reise sak mot den norske stat.

LES OGSÅ: 542 ektepar klager på ekteskapsloven

– Krenka. FSE meiner at den nye ekteskapslova frå 2009 krenkar det personlege samtykket som menn og kvinner har gitt då dei gifta seg. Dei som gifta seg før ny-lova kom sa nemleg ja til eit heterofilt ekteskap i samsvar med kristen tanke. Då definisjonen etter 2009 vart endra, føler dei seg krenka sidan deira ekteskap vart «overført» til ein ny definisjon som også omfattar homofile. Samtidig fekk homofile som hadde inngått partnarskap før 2009 moglegheit til å gi sitt samtykke eller ikkje. Sidan eit ekteskap berre kan inngåast med samtykke, meiner FSE at deira ekteskap no er gjort ugyldig.

– Dette strir mot våre menneskerettar, seier Monsen.

LES OGSÅ: Per Lønning vil ha ekteskapsloven til Strasbourg

– Misforstod. Men ikkje ifølgje menneskerettsdomstolen, som avviste saka. Avgjersla kan heller ikkje ankast.

– Kva er din kommentar til at de tapte?

– Forklaringa er enkel. Domstolen er overarbeida og den kan også vere politisert. Berre ein dommar behandla saka og avviste den utan å argumentere for avgjersla.

Så dersom domstolen ikkje var overarbeida så hadde de fått reist sak?

– Ja. Vi kravde berre retten til å gå til sak. Argumenta våre mot den nye ekteskapslova har vi enno ikkje fått prøvd i noko domstol.

De hadde vel fått gått til sak dersom saka var god nok?

– Saka er meir enn god nok. Men i Strasbourg sat det berre ein mann som ikkje forstod saka.

Slutt. Foreningen Sant Ekteskap har tatt sommarferie, men skal halde fram med aksjonar etter ferien, fortel Monsen.

– Den juridiske kampen er over dersom ingen klarer å formulere ei ny stemning, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter