Nyheter

Justisministeren vil ikkje møte kyrkja

Anders Anundsen (Frp) seier nei til kyrkjeasyltoppmøte for å drøfte kyrkjeasyl no.

Først når den «allerede innledede prosess har funnet sin løsning» er Frp-statsråden budd på å møte kyrkjeleiarar for å snakke om kyrkjeasyl, melder han i eit brev til Den norske kyrkja.

– Vi er glade for at statsråden vil møte oss, seier kyrkjerådsdirektør Jens Petter Johnsen, som helst hadde sett at møtet kom i stand no.

Striden rundt kyrkjeasyl blei på nytt sett på dagsorden då politiet i byrjinga av mai gjekk inn i eit hybelhus, som blir leigd av pinseforsamlinga Filadelfia i Kristiansand, og henta ut ei iransk kvinne. Justisminister Anundsen fortalde at fleire kunne bli henta ut fordi Solberg-regjeringa har som målsetjing å avskaffe ordninga med kyrkjeasyl – helst innan 2014 er over.

LES OGSÅ: Ber ministeren lage nye kirkeasylregler

Prioriterer dialogen. Meldingane frå statsråden provoserte leiinga i Den norske kyrkja. Sjefbiskop Helga Haugland Byfuglien og kyrkjerådsdirektør Jens Petter Johnsen skreiv brev til Anundsen og ba om eit møte for å drøfte løysingar på kyrkjeasylordninga med politisk leiing, og ikkje med politiet, slik justisministeren ønskjer.

I går sende Anundsen svar til kyrkjeleiarane:

«Siden jeg har bedt politiet om å ha dialog med kirken, finner jeg det ikke hensiktsmessig på dette tidspunkt at det også avholdes møter med kirken på politisk nivå samtidig med den aktuelle og allerede igangsatte prosessen», skriv han i svarbrevet.

LES OGSÅ: «Jeg er fortsatt sjokkert over at politiet kom. Jeg var jo i Guds hus»

Ny vegleiar. Samstundes som justisministeren arbeidde med svarbrevet til kyrkja, møttest Politidirektoratet og Mellomkyrkjeleg råd (MKR) torsdag til det første møtet der dei drøfta kyrkjeasyl. Møtet kom i stand etter at Anundsen i desember i fjor påla politidirektøren å setje seg ned saman med kyrkja og finne løysingar som kan setje ein stoppar for at asylsøkjarar med avslag søkjer opphald i kyrkjer og bedehus.

– Vi hadde eit godt møte der vi informerte om arbeidet med nye vegleiingar til kyrkje­lydane. Her vil vi mellom anna understreke at kyrkjerommet ikkje skal kunne brukast av asylaksjonistar, slik vi har opplevd i Oslo og Bergen. Vi vil også presisere tydelegare råda om at kyrkje­asyl ikkje er i varig løysing, fortel rådgjevar Sven Thore Kloster i MKR.

LES OGSÅ: Her hentet politiet iransk kirkeasylant

Gav råd. – Blir det nye møter mellom rådet og direktoratet?

– Det blir kanskje eit til hausten, seier Kloster og fortel at MKR gav Politidirektoratet det rådet at dei også bør snakke med Norges Kristne Råd fordi dei representerer frikyrkjer som i dag husar kyrkjeasylantar.

I dag sit det minst sju personar i kyrkjeasyl, noko som er det ­lågaste talet på mange år.

LES MER: Justisministeren: Flere kirkeasylanter kan bli hentet

LES MER: Krever likebehandling av kirkeasylanter

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter