Nyheter

– Israel er slett ingen apartheidstat

Harward-professor Alan Dershowitz ber Barack Obama straks dra til Jerusalem og Ramallah.

På Oslo Symposium 2011 i går hamra Dershowitz laus mot det han meiner er heilt ugrunna kritikk mot Israel. Han tordna mot Israel-kritikarar som gløymer versting-land berre dei får refse Israel.

– Israel er ingen apartheidstat. Israel er faktisk den einaste staten i Midtausten som ikkje er ein apartheidstat. I dei andre landa er det kjønnsapartheid, apartheid som rammar homofile eller religiøs apartheid, sa Dershowitz og la til:

– I kva anna land i Midtausten ville eks-presidenten blitt dømt for valdtekt, slik Moshe Katsav no er blitt? Dommarane som dømde Moshav Katz, var ein arabar og to kvinner. Dette er då slett ikkje apartheid.

– Ei fornærming. I samtale med Vårt Land utdjupar Dershowitz, ein framståande forsvarsadvokat og forkjempar for liberale rettar – og Israel:

– Å kalle Israel apartheid er ei fornærming mot dei i Sør-Afrika som leid under apartheid. Eg var nyleg i Ramallah. Palestinarane har eigne universitet, bruttonasjonalproduktet veks, det vert bygt ein stat frå grunnen av, det er håp. Apartheid er eit heilt gale ord. Men det er apartheid i Gaza – apartheid som rammar kristne oghomofile.

– Men kan ikkje Israel bli apartheid dersom landet vert sitjande med kontrollen over palestinarane på Vestbreidda, utan ei fredsløysing?

– Det er ikkje apartheid så lenge ein tilbyr å få slutt på okkupasjonen, svarar Dershowitz.

Goldstone. Dershowitz er ein av dei skarpaste kritikarane mot Goldstonerapporten som skulda Israel for krigsbrotsverk i Gaza – med reine ord vart det hevda at Israel gjekk til krig for å ramme sivile.

Dershowitz sa i går at det ikkje finst noko land som gjer så mykje for å unngå sivile offer i kampen mot terrorismen. Israel har langt høgare standard på dette området enn USA - og har som mål at det maksimalt skal vere berre eitt sivilt offer for kvar terrorist som blir teken. USA har den stikk motsette målsetjinga.

– Hadde den israelske generalen som vedtok den oppsiktsvekkjande strenge målsetjinga, kome til Oslo, ville han blitt arrestert som krigsforbrytar. Hadde Hamas-leiar Mashal kome til byen, ville han fått gå fri gjennom gatene.

Dershowitz er blitt boikotta av norske universitet denne veka. Studentforeiningar i Oslo og Bergen har derimot gjeve han talarstol. I går heldt han foredrag til ståande applaus for ein nær fullsett sal under Oslo Symposium 2011.

Folkeretten. Dershowitz er ein framståande kjennar av folkeretten. Den amerikanske professoren er beisk i kritikken mot dei som vil ha akademisk boikott av Israel, til dømes ein serie tilsette ved NTNU i Trondheim.

LES ERLING RIMEHAUGS KOMMENTAR: Trangsynte universiteter

Under foredraget i går starta han med å lese opp frå boikottoppropet frå tilsette ved NTNU. Oppropet startar med følgjande setning: «Siden 1948 har staten Israel okkupert palestinsk jord og nektet palestinerne grunnleggende menneskerettigheter.»

– Dette er ikkje eit opprop mot israelsk okkupasjon av Vestbreidda. Dette er eit opprop mot sjølve staten Israel, sa Dershowitz.

- Ingen okkupasjon i 1948. Han avviste blankt at det var snakk om okkupasjon i 1948 då staten vart oppretta. Han kalla det eit kompromiss då FN delte området - men han kommenterte ikkje den påfølgjande krigen då Israel utvida området sitt, fleire arabiske landsbyar vart tømde og fleire under tusen palestinarar blei flyktningar.

– Når vi høyrer ordet okkupasjon, tenkjer alle på Israels okkupasjon. Ingen tenkjer på at Jordan okkuperte Vestbreidda frå 1948 til 1967 eller at Egypt hadde ein brutal okkupasjon av Gaza. I 1967 angreip ikkje Israel Jordan - Israel sende tvert imot beskjed gjennom ein norsk general med bøn om at Jordan ikkje skulle angripe. Jordans kong Hussein svarte at hans svar ville komme på slagmarka. Det enda med at Israel tok Vestbreidda. I juli 1967 tilbaud Israel å gje frå seg heile området i byte for fred. Dei arabiske leiarane drog til Khartoum og sa nei: Nei til fred, nei til å godkjenne Israel og nei til forhandlingar.

Vilkår for fred. Dershowitz var rådgjevar då resolusjon 242 vart formulert i Tryggingsrådet etter krigen i juni 1967. Denne resolusjonen krev at Israel skal gje frå seg «okkuperte område» i byte for fred.

– Eg var der. Eg veit kva diskusjonar som vart ført. Eg veit kvifor det ikkje står at Israel skal gje opp «dei okkuperte områda» eller «alle okkuperte områda». USA og Storbritannia insisterte på at det skulle stå «okkuperte område», sa han og la til:

– Anerkjenning av Israel og fred er vilkåret for å gje tilbake okkuperte område. Dette er ikkje ein resolusjon med einsidige krav, sa Dershowitz.

– Men palestinarane seier at dei heilt sidan 1988 har anerkjent Israel. Held ikkje det? Spør Vårt Land etter foredraget.

– Dei har aldri anerkjent Israel som ein jødisk nasjonalstat. Eg har utfordra den palestinske statsministeren Fayyad til å seie at Israel skal vere ein jødisk nasjonalstat. Han nekta, svarar Dershowitz.

Wellerops krav. Israel-sesjonen på Oslo Symposium starta i går med at Leif Wellerop frå Internasjonale Kristne Ambassade formulerte tre krav til norske styresmakter: Dei må godkjenne Jerusalem som Israels hovudstad og flytte ambassaden frå Tel Aviv. Dei må godta tryggingsmuren. Og dei må godta at Judea og Samaria – Vestbreidda – ikkje vert «jødereine».

Då Dershowitz fekk ordet fortalte han mellom anna korleis freden med Egypt blei til etter 1978: Israel gav tilbake kvar einaste kvadratmeter av den okkuperte Sinai-halvøya og øydela busetnadene – for fred med Egypt.

– Du har i dag snakka til ei forsamling som aldri ville godta at Israel gav frå heile Vestbreidda til ein palestinsk stat. Kva tenkjer du om det?

– Dette er det Israel som skal bestemme. Det er ingen utlending som skal bestemme dette. Det norske kristenfolket skal ikkje bestemme dette. Eit fleirtal i Israel er villig til å gje opp historisk land i byte for ein verkeleg fred. Dette er ein eksistensiell diskusjon der løysinga ikkje skal komme utanfrå, svarar Dershowitz.

Han viser til sitt initiativ om at Barack Obama burde reise til Jerusalem og Ramallah no for å få fortgang i forhandlingane mellom partane.

– Trur du det kan bli fred, no som det har eksplodert ei bombe i Jerusalem igjen og Gaza-granatane eksploderer?

– Ja, eg er optimist. Israel må innføre ein total byggjestopp i to månader. Og då kan partane forhandle om grenser. Dette er ei perfekt tid for handling, seier Dershowitz.

Boikotta. – Standpunkta mine er i sentrum i Israel. I Oslo blir eg sett på som ein hauk dei ikkje kan snakke med, medan Noreg gjerne snakkar med Hamas, seier Dershowitz.

– Oslo blir aldri meir nokon stad for fredsforhandlingar mellom Israel og palestinarane. I dag legg den norske regjeringa press berre på Israel. Noreg burde krevje at palestinarane kjem til forhandlingsbordet utan vilkår. Palestinarane har aldri lete vere å kaste vrak på ein einaste sjanse. Og kvifor skulle dei kompromisse no når den norske regjeringa seier at dei vil anerkjenne Palestina uansett?

Dershowitz seier at dei som har den sterkaste retten til å kritisere Israel er israelarane og palestinarane.

– Kjem du utanfrå, skal du kritisere sterkast dei verste landa. Israel-kritikarane gjer ikkje det. Dei gløymer verstingane og snakkar berre om Israel.

– Kva er din sterkaste kritikk av Israel?

– Det er at ulike regjeringar har lete jødiske busetjarar slå seg til djupt inne på Vestbreidda. Dette har både regjeringar leia av arbeiderpartiet og Likud stått for. Løysinga er å fjerne busetnader som del av ei fredsløysing, slik det skjedde i Gaza, svarar Dershowitz.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter