Nyheter

Ideelle organisasjonar endrar pensjon for å overleve

Ansatte i Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon må godta billegare pensjonsordningar. Viss ikkje, kan dei på sikt miste jobben, seier Bysmisjon-general Johannes Heggland.

– Sett på spissen har vi dette 
valet: La tilsette behalde dagens pensjonsordning, men då er det fare for at folk mistar jobben om få år, eller gå over til meir forutsigbare pensjonsordningar som set oss i stand til å vinne nye anbod eller ta på oss nye oppdag.

Analysen kjem frå Johannes Heggland, konstituert generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Han leiar ein stor diakonal organisasjon som no kjenner seg tvinga til å endre pensjonane til dei tilsette for å klare å møte den økonomiske morgondagen.

– Dagens pensjonskostnadar tek kvelartak på ideell sektor. Ingen av dei offentlege styresmaktene som betaler våre tenester er villige til å betale for pensjonsutgiftene, fortel Heggland.

LES OGSÅ: Frelsesarmeen saksøkt av staten – vant i retten

Høg rekning. Barnevern. Rusbehandling. Eldreomsorg. Psykiatri. På område etter område strevar ideelle organisasjonar med å vinne anbod som blir lyst ut. Anten vågar dei ikkje leggje inn anbod i frykt for å ta på seg alt for store pensjonskostnadar, eller så taper dei anbod fordi dei legg inn dei reelle pensjonskostnadane – noko som gjer at dei blir for dyre.

– Forklaringa er at dei ideelle organisasjonane har det vi 
kallar offentleglike pensjons­avtalar. Desse avtalane blei i si tid pådytta organisasjonane av stat og kommune. Men no, mange år seinare, i eit anna konkurranseklima, er det offentlege ikkje villige til å ta pensjonsrekninga, fortel Torbjørg Aalborg i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke. Ho er direktør i Virke Ideell.

LES OGSÅ: Børs-barnevern – en krigserklæring

Endrar prisar. For å finne fram til pensjonsavtalar som skal gjere Kirkens Bymisjon meir konkurransedyktig, har organisasjonen meldt seg ut av Virke, men er opne for å melde seg inn att:

«Styret understreker alvoret i dagens pensjonssituasjon, som ikke er bærekraftig for organisasjonen. Forutsigbarhet, muligheten til å videreføre dagens aktiviteter å påta seg nye oppdrag, vil være vesentlige momenter når alternative løsninger vurderes. Styret ønsker at det tilrettelegges for overgang til en ny pensjonsordning», står det i det ferske styrevedtaket om saka. Dagens tariffavtale går ut april og dagens pensjonsavtale går fram til ny blir forhandla fram.

– Kirkens Bymisjon i Oslo har 1.100 tilsette i pensjonsordninga. Men i tillegg har vi pensjonskostnadar for rundt 5.000 tidlegare tilsette. Slike kostnader, der prisen stadig blir endra, kan vi ha i 50 år etter at ein 
institusjon er blitt lagt ned. I sum blir dette kostnadar som vi ikkje klarar å dekkje inn når vi skal levere inn anbod på nye offentlege oppdrag, fortel Heggland.

I Frelsesarmeen ser dei det same som i Bymisjonen: Dagens pensjonsordningar er for dyre og uforutsigbare.

– La meg ta eit døme, seier leiar for pensjonsprosjektet i Frelsesarmeen, Anne-Dorthe Nodland Aasen:

– Med dagens pensjonsavtalar er det uråd å vite om dei komande etterreguleringskostnadane blir på 100 millionar eller 180 millionar kroner.

Akkurat som Kirkens Bymisjon har Frelsesarmeen meldt seg ut av Virke, men dei kallar det ei betinga utmelding.

– Vi skal ha på plass ein ny og god pensjonsavtale. Frelsesarmeen er avhengig av gode fagfolk, og dei skal ha ein god pensjon, seier Nodland Aasen, og får støtte frå Heggland:

– Det er for tidleg å slå fast om pensjonen for den einskilde blir betre eller om han blir svekka. Men Bymisjonen skal framleis tilby gode pensjonsordningar.

Følgjer nøye. I Blå Kors Norge følgjer generalsekretær Jan Elverum nøye med:

– Vi har dei same utfordringane som Kirkens Bymisjon og Frelsesarmeen, og vi har stor forståing for prosessane som no finn stad i desse organisasjonane.

Blå Kors har ikkje konkrete planar om å endre pensjonsavtalen til dei tilsette.

LES OGSÅ:

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter