Nyheter

Holmås tvang gjennom Norway Cup-kroner

Direktoratet for utviklingsarbeid sa nei til å gje Norway Cup pengestønad. Då greip utviklingsminister Heikki Holmås inn.

Sundag vert det blese i den første dommarfløyta på årets Norway Cup. Utan Heikki Holmås (SV) i førarsetet til Utanriksdepartementet (UD) ville arrangørane sett langt etter statlege bistandsmidlar. Direktoratet for utviklingssamarbeid, Norad, peika nemleg tommelen ned for å dele ut meir pengestønad til cupen.

– Norway Cup var banebrytande i si tid, men no ser vi at det har vakse fram fleire lokale og regionale arrangement som er gode alternativ, forklarer Guro Skancke, underdirektør i avdeling for sivilt samfunn i Norad.

Bækkelaget Sportsklub, som arrangerer fotballturneringa, klaga vedtaket til Utanriksdepartementet, og fekk straks medhald.

– Det er klart at vi støttar fotballspelarar frå fattige land. Difor har eg bede Norad om å bidra, uttalte Holmås, som no er på ferie, i ei pressemelding.

Unni Berge, politisk rådgjevar i UD, utdjupar kvifor dei omgjorde Norad sitt vedtak:

– Den politiske leiinga meiner det er mogleg å både støtte Norway Cup og regionale idrettsarrangement i sør. Det er grunnleggjande positivt at lag frå sør deltek på cupar i nord, seier ho.

Ser sørover. Sidan år 2000 har Norad delt ut 7,8 millionar kroner til Norway Cup. Etter ei jamn stønadsauke, frå 350.000 kroner fyrste året til éin million kroner i 2008, 2009 og 2010, trappa Norad ned beløpet i fjor. I år ville dei ha full stans.

– Bistandsmidlar skal brukast til å styrkje samfunn i sør. For ungdomsgrupper i desse landa vil det ha meir langsiktige, positive og mindre risikofylte konsekvensar at vi styrkjer arrangement i heimlanda deira, seier Skancke i Norad.

Å sende eitt lag til Norway Cup kosta i 2009 like mykje som stønaden til éin samarbeidspartnar gjennom eit heilt år. Norges Idrettsforbund (NIF) var samd med Norad si avgjersle, og ønskte å redusere talet lag i Norway Cup.

Skancke meiner også at Bækkelaget ikkje har levert gode nok rapportar og søknader. I år leverte klubben søknaden om stønad tre månader etter fristen.

– Vi stiller krav til gode søknader og tilfredstillande rapportar frå alle som får midlar frå oss, og Norway Cup har vore relativt svake på den forvaltningsmessige sida, seier ho.

Overgrep og aldersjuks. Dei siste månadane har debatten om eit idrettslag Norway Cup var med å starte i eitt av Kenyas slumområde rast i media. Etter bekymringsmeldingar om kritikkverdige forhold i klubben Mathare youth sports association (MYSA) tok Strømmestiftelsen, som samarbeider med MYSA, initiativ til ei gransking. Granskinga avdekka seksuell trakassering, overgrep, korrupsjon og identitetsforfalsking, noko som førte til eit brot mellom dei to samarbeidspartnarane. Den generelle risikoen for at trenarar og andre sentrale personar i klubbar i sør brukar billetten til Norge og Norway Cup-turneringa som eit pressmiddel for å utøve misbruk mot utøvarar, var også eit argument Norad brukte i avslaget på søknaden om stønad.

– Alle veit at det er risikomoment ved at nokon får høve til å reise frå eit slumområde til ei turnering i Vesten. Som fagetat må vi ta omsyn til dette, og vi brukar mykje tid og krefter på å vurdere kven som skal få stønad og ikkje, seier Skancke.

Unni Berge i UD understrekar at dei stiller krav om at lag som søkjer om stønad til Norway Cup har utarbeidd ein plan med sikringsmekanismar for å motverke seksuelle overgrep og anna negativt press mot deltakarane.

– All erfaring med bistand viser at det kan oppstå negative effektar av positive tiltak. Det gjeld ikkje berre Norway Cup, seier ho.

Overraska over Norad. På grunn av tidsmangel har Bækkelaget ikkje utarbeidd slike planar i årets arrangement. I staden vil Norad be om ein rapport om korleis spelarane på Norway Cup-laga vert plukka ut, og kva oppfølging dei får når dei kjem heim att.

Frode Kyvåg, generalsekretær i Norway Cup, er ikkje i tvil om at fotballturneringa fortener bistandsmidlar.

– For oss er dette bistandsarbeid i ordets beste tyding. Så kan andre meine at vi latar att auga for seksuell trakassering, aldersjuks og det som verre er, men det er nettopp difor vi arbeider i desse områda, seier han.

Kyvåg tykkjer det er høgst overraskande at Norad meiner bistandsmidlane Norway Cup får ville kome betre til nytte for ungdommar i sør på regionale arrangement.

– Gudskjelov sit det kompetente, politiske instansar som meiner det er sjølvsagt at vi skal få stønad, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter