Nyheter

– Høie har lytta til folket

Reservasjonsmotstandar rosar helseministeren og KrF for å ha snudd.

Susanne Kaluza er redaktør i nettmagasinet foreldre.no. Sidan reservasjonsavtalen mellom KRf, Høgre og Frp blei presentert i oktober, har ho kjempa mot han. Mellom anna har ho oppmoda kvarmann til å skrive høyringssvar på reservasjonsforlaget Høie har lagt fram.

– No er eg jublande glad, for helseministeren har vist vilje til å lytte til folket.

Før påske blei det kjent at vel 500 privatpersonar har sendt høyringssvar til Helsedepartementet, og i årets 8. mars-tog samla tusental seg under parolar som kravde at Høie skrota reservasjonsforslaget.

Sterkt engasjement. Forskingsleiar ved Iris og professor i statsvitskap Hilmar Rommetvedt har forska på lobbyverksemd og politisk påverknad sidan 1970-talet. Han kan ikkje hugse å ha sett nokon høyringsrunde der så mange privatpersonar har fortalt eit departement kva dei meiner.

– Tradisjonelt er det jo interesseorganisasjonar og styresmaktinstansar som gjev høyringsfråsegner. Det er som regel ikkje einskildpersonar som responderer på desse høyringane, seier Rommetvedt til NTB.

Ikkje avviste. Kaluza er glad for at kvinner som søkjer abort heretter skal sleppe å kjenne seg avviste på legekontoret.

– Eg er spent på detaljane i det nye forslaget til Høie, men han slår fast at reservasjonsretten skal takast vekk. Og det er det viktigaste.

Kaluza deler også ut ros til KrF og leiar Knut Arild Hareide for å opptre konstruktivt ved at partiet har snudd i synet på legars reservasjonsrett.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter