Nyheter

Her er Krekar-nytt

Han skal få lys og varme frå Sogn og Fjordane, melder Firdaposten.

2015 var knapt ei veke gammal då meldinga gjekk som eld gjennom by og land:

«Mulla Krekar kjem, mulla Krekar kjem.»

Rett nok berre ut frå lås og slå, der han hadde vore i nokre år. Før han spaserte ut av Nord-Korea, eller Kongsvinger fengsel som det stod på skiltet, hadde justisminister Anders Anundsen (Frp) funne eit høveleg losji for mullaen. For statsråden meinte at Krekar framleis skulle få bord og seng på statens rekning.

«Kyrksæterøra», sa Utlendingsdirektoratet.

«Hæ», sa rikspressa og fann fram kart og kompass. Google gav svar: Tettstad i Hemne kommune, ligg i Sør-Trøndelag, heimstad til kjendisar.

«Jøss, vi kan ringje skiheltane Ove og Berit Aunli og spørje kva dei meiner om at Krekar snart kjem på sportsbutikken dei driv», jubla fleire. Intervjua blei mange.

Snakk om hell.

Ja, apropos hell, tenk om staten hadde sendt mulla Krekar til Hell. Eller Haram.

«Krekar lives in Haram», kunne New York Times ha meldt.

«Krekar sent to Hell», ville BBC varsla.

Lys og varme. Finn ein Krekar-nyhet, lydde marsjordren i mang ei bladstove.

«Mulla Krekar vil få lys og varme frå SFE kraft» sa sal- og marknadssjef Robert Endestad i SFE til Firdaposten. SFE står som kjent for Sogn og Fjordane Energi

Det har seg nemleg slik: SFE leverer straum til Hemne kommune, der Kyrksæterøra ligg. Men, seier salssjefen, «noko spesiell straumkraft vil mullaen ikkje få».

Kringkastninga jakta også mullanytt i Hemne:

«Vi har fått meldinger fra skolen om at barna er bekymra for det som nå skjer i kommunen. De er redde», sa rådmann til NRK Trøndelag.

Elevar vil flytte frå kommunen, opplyste rektor.

Avisa Sør-Trøndelag fann noko langt meir alvorleg:

«Lærer ble syk da Krekar-nyheten kom», forkynte avisa.

Lokalbladet kunne fortelje at ein lærar blei rett og slett sjuk då ho fekk høyre at Krekar skulle tvangsflyttast til Hemne. Ho måtte gripe til ei eigenmelding neste dag.

Ein overreaksjon

Langt mot nord, ja, langt frå hovudstaden altså, fann dei også Krekar-nytt:

«Det ville vært en overreaksjon å sende Krekar til Nord-Norge», kringkasta NRK Nordland.

Kven som sa det?

Politiet sjølvsagt. PST meiner det vil vere «uforholdsmessig å sende Krekar til Nord-Norge da dette vil fremstå som en overreaksjon».

Det får halde med Kyrksæterøra.

Møte utan gjest

Torsdag fekk omsider Tidens Krav kople seg til Krekar-straumen. Nei, ikkje den frå SFE:

«Krekar-kutt av Sandberg», melde nordmørsbladet.

Kva kutt var det snakk om?

Jau, Frps Per Sandberg måtte korte inn besøket på Nordmøre for å rekkje tilbake til hovudstaden for å delta i ein debatt på statskringkastinga.

Du gjetta rett. Det handla om mullaen.

Medlemsmøtet på Vårsøg Hotell blei ikkje det same utan Per.

Måndag blir det meir. Då kjem dommen. Han som avgjer om det blir mykje lys og varme frå Sogn og Fjordane.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter