Nyheter

«Helsearbeidarar blir grensekontrollørar»

Papirlause innvandrarar har rett til helsehjelp, men helsearbeidarar er usikre og vel den strengaste tolkinga.

- Framfor å gje viktig helsehjelp, endar helsearbeidarar opp med å drive asyl- og innvandringspolitikk på fastlegekontor og akuttmottak. Slik skal det naturlegvis ikkje vere, seier Frode Eick til Vårt Land. Han er dagleg leiar av eit helsesenter for papirlause migrantar, som blei starta opp for fem år sidan.

Helsepersonell blir ufrivillige grensekontrollørar, meiner forskar Marry-Anne Karlsen, som har granska bruken av statleg lovnad om helsehjelp til papirlause. Sidan 2012 har «personar uten fast opphold i riket» hatt rett til strakshjelp og helsehjelp som ikkje kan vente.

«Vi oppfordrer regjeringen til å gi papirløse som oppholder seg i Norge reell tilgang til helsehjelp, basert på medisinske vurderinger, yrkesetiske retningslinjer og menneskerettslige prinsipper», skriv 11 organisasjonar i eit opprop til helseminister Bent Høie (H). Blant dei 11 er Legeforeningen, Sykepleierforbundet og Jordmorforeningen.

Meir enn asylbarn

I kveld skal justisminister Anders Anundsen (Frp) stå til ansvar i Stortinget for det han sjølv har kalla «lagertømming»; utsending av lengeverande barn som ikkje hadde lovleg opphald i Norge. «Lengeverande» tyder at dei hadde budd over tre år i Norge før utsending.

I dag kan Vårt Land fortelje at ei anna gruppe migrantar utan lovleg opphald strevar i møte med staten; dei som treng helsehjelp medan dei ventar på utkasting – eller omgjering.

Helsesenteret til Kirkens Bymisjon og Røde Kors i Oslo har summert opp fem års drift:

• 3.000 pasientar har fått hjelp.

• 12.000 konsultasjonar er utført av frivillige legar, sjukepleiarar, psykologar, fysioterapeutar og jordmødre.

• Pasientane kjem frå 103 land, flest frå Sentral-Asia, Midtausten og Nordaust-Afrika.

• To av tre er asylsøkjarar som har fått endeleg avslag.

– Vi ser at mange som kjem til oss har prøvd å få helsehjelp, men blitt avviste fordi dei ikkje har lovleg opphald i Norge. I fleire saker handlar det om svært streng tolking av helsehjelpforskrifta frå 2012, fortel senterleiar Frode Eik.

Tolkingsproblem

I 2012 vedtok Stoltenberg-regjeringa at såkalla papirlause skal ha rett til strakshjelp og hjelp frå spesialisthelsetenesta. Men Frode Eick på helsesenteret i Oslo seier at helsevesenet strevar med å tyde forskrifta:

– Difor tolkar mange helsearbeidarar henne strengt for å vere sikre på at dei ikkje gjer noko gale, noko som strir mot asyl- og flyktningpolitikken. Resultatet er at dei gjer noko gale, dei yter ikkje fullt ut lovleg helsehjelp.

Femårs-oppsummeringa frå senteret viser at:

• pasientar får ikkje omgjort avslag på behandling på sjukehus.

• klager til fylkeslegen tek lang tid, ofte opp mot eit år.

• mange har ikkje råd til livsviktig medisin.

• mange blir gåande med lidingar i frykt for at dei må betale om dei oppsøkjer hjelp.

Slik kan vi ikkje ha det, seier 11 helse- og hjelpeorganisasjonar i oppropet til helseminister Høie. Frode Eick utdjupar:

– Vi krev ei forskrift som gjev helsehjelp basert på medisinske behov og som er i samsvar med yrkesetiske retningsliner. Vi krev at papirlause får betre helsehjelp.

Blande innvandring og helse

Forskar Marry-Anne Karlsen ved Rokkansenteret i Bergen har i eit doktorgradsarbeid intervjua 50 tilsette i helsevesenet, og følgt 15 papirlause migrantar. Ho finn at mange helsearbeidarar opplever å stå i ein umogeleg situasjon; dei må blande inn innvandringspolitiske omsyn i medisinskfaglege vurderingar.

Karlsen fortel at helsearbeidarar opplever at helsehjelpforskrifta kjem i konflikt med etiske yrkeskodar, for dei endar opp med å ta politiske avgjerder, ikkje medisinske.

Forskaren meiner forskrifta er så uklar at det blir tilfeldig kva papirlause får av helsehjelp. Til uib.no fortel Karlsen at forskjellsbehandlinga også rammar dei papirlause økonomisk:

– Nokre behandlar også gratis, medan andre krev full betaling. Det er døme på at irregulære immigrantar har fått rekning på 500.000 kroner for kreftbehandling eller 18.000 kroner for ein fødsel.

Ønskjer ikkje helseinnvandrarar

Helsedepartementet vil ikkje endre dagens forskrift.

– Vi har fått og lese oppropet frå dei 11 organisasjonane, vi har også registrert at det kjem krav om at helsehjelpforskrifta må bli «tydelegare», men vi har ingen konkrete planar om å revidere denne, fortel statssekretær Cecilie Brein-Karlsen (Frp) i Helsedepartementet.

Ho er tydeleg på at regjeringa ikkje vil endre forskrifta slik at utsikter til utvida, gratis helsebehandling skal freiste folk til Norge:

– Eg meiner vi har eit godt og klokt regelverk. Ingen skal vere redde for at dei ikkje får nødvendig helsehjelp. Har du ikkje betalingsevne så slepp du å betale. Men dei utan lovleg opphald kan ikkje ha same rett til helsehjelp som dei med bustad i Norge. Vi ønskjer ikkje å leggje til rette for ei helseinnvandring der nokre vil kunne oppsøkje verdas beste helseteneste for å få gratis behandling, seier Brein-Karlsen. Ho viser til at det er sendt ut eit rundskriv som skal hjelpe til med tolkinga av forskrifta.

At «helsearbeidarar blir grensekontrollørar» vil ikkje statssekretæren kommentere:

– Eg kjenner ikkje forskinga til forskaren i Bergen.

Men funna om forskjellbehandling kan nok skuldast at nokre sjukehus kjenner forskrifta godt, og at andre brukar ho sjeldan, forklarar Brein-Karlsen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter