Nyheter

Havnelid aukar lønna i Røde Kors

Børge Brende valde å gå mykje ned i lønn som generalsekretær i Norges Røde Kors. No er lønna på veg opp igjen.

Når Åsne Havnelid etterfølgjer Brende som toppsjef, blir lønna justert opp. Havnelid får nesten millionen i årslønn for å leie Norges største hjelpeorganisasjon.

- Åsne Havnelid får 980.000 kroner, noko som er 140.000 meir enn det Børge Brende hadde etter lønnskuttet i fjor, opplyser informasjonsrådgjevar Astrid Arnslett i Norges Røde Kors til Vårt Land.

Mediedebatt. Brende barberte lønna i fjor sommar etter ein mediedebatt om leiarlønningar i hjelpeorganisasjonane.

Til Adresseavisen sa dåverande Røde Kors-general at «for meg er det einaste som tel å gjere ein god jobb for Røde Kors. Og når dette med lønna stadig vekk dukkar opp, er det berre greitt å setje ho ned».

Røde Kors var ikkje åleine om å justere ned lønna til generalsekretæren. Redd Barna reduserte lønna til den nye toppsjefen, Tove R. Wang, med nesten 100.000 kroner. Wang fekk 96.000 kroner mindre i året enn Gro Brækkan, som var Redd Barna-general fram til 2009. Etter justeringa fekk Wang 850.000 kroner i årsløn, melder Bergens Tidende.

VM-bonus. Åsne Havnelid, som byrjar i Norges Røde Kors 15. august, kjem frå jobben som administrerande direktør i Ski-VM 2011. Ho har ein avtale som sikrar henne lønn frå VM-organisasjonen ut 2011. I tillegg får ho utbetalt ein bonus på 400.000 kroner frå styret i Ski-VM for gjennomført innsats med skimeisterskapen i Oslo i februar.

- Havnelid har levd opp til alle punkt i kontrakten og vi unner henne bonusen av heile vårt hjarte, seier styreleiar Svein Aaser i Ski-VM til Aftenposten.

På spørsmål frå avisa om ho kjem til å gje VM-bonusen til Røde Kors, svarar Havnelid:

- Det er ei privatsak.

Etter sommarferien blir Havnelid sjef 130.000 medlemmer og nær 40.000 frivillige i meir enn 400 lokalforeininger i Norges Røde Kors.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter