Nyheter

Hardt ut mot surrogatmor-gallup

- Tabloid og overflatisk, seier Lars Ødegård om ei undersøking som skal sjekke folkemeininga om bioetikk.

Bak undersøkinga står Helsedirektoratet som har fått oppdraget frå helse- og omsorgsministeren.

Det handlar om gentestar, fostersjekk og surrogatmødre. Spørsmålet om surrogatmødre er eitt av dei Ødegård brukar som døme:

– Det er er fleire forhold som druknar: Risikoen for kvinnene vert ikkje nemnt. Det er og eit etisk dilemma at surrogatmødre i fattige land får eit helsetilbod i toppklasse, ikkje for si eiga helses skuld, men fordi dei vert betalte for å føde born til folk i vesten, seier Ødegård og legg til:

Press. – Dei som vert spurde, får mellom anna spørsmål om kva dei synest om surrogati med hjelp av eiga søster eller familiemedlemmar. Det kan gjere at mange tenkjer at «det er fint at det skjer i familien». Dei blir ikkje bedne om å tenkje gjennom kva press som kan vere nettopp i ein familie: «Du stiller vel opp for søstera di»?

Ødegård seier at det er krevjande å gjere spørsmåla forståelege - og ikkje minst å få fram dei etiske dilemma som kan følgje av svara ein sjølv gjev. Han gjekk difor ut med atterhald då Vårt Land i januar skreiv at direktoratet skulle gjennomføre ei slik spørjeundersøking.

Ikkje overraska. No har han fått spørsmåla, og Ødegård seier at han ikkje er «spesielt overraska over at dei som har laga spørjeskjemaet, ikkje lukkast».

– Spørsmåla i seg sjølv framstår nok som rimeleg forståelege, men dei klarar ikkje å setje dei inn i de etiske dilemma som følgjer med. Det blir å forenkle, til dels å overforenkle – og då blir det litt som ein ropar i skogen så får ein svar.

Ødegård seier det spesielt er uheldig at orda «feil», «avvik» og «sjukdom» blir brukte om genar. Bruken av slike negativt ladde ord inviterer svara til å gå i éi bestemt retning, meiner han.

– Det store spørsmålet er no: Kva skal dette brukast til? Eller meir presist: Kva kan dette brukast til? seier Ødegård.

– Meiner du undersøkinga er ubrukeleg?

– Eg er i alle sterkt i tvil om kva svara kan brukast til. Undersøkinga vil etter mitt syn ikkje gje oss gode svar på kva folk tenkjer. Eg trur det blir mange tolkingar av tolkingar, svarar han.

- Forenklar. Han meiner spørjearket forenklar gentestinga, til dømes faren for å sjukeleggjera eit heilt folk «fordi vi alle ber i oss det som vert kalla genfeil, men som ikkje treng å bety noko om livet vårt no og i framtida».

– Blir gentesten berre til uro? Og i kva grad vil slike gentestar krevje store helseressursar til ingen nytte? spør Ødegård.

Bioteknologinemnda har føreslege heller å bruke eit panel av lekfolk som får høyre faglege og etiske foredrag og som saman kan tenkje rundt dilemma.

– Vanskeleg. Divisjonsdirektør Hans Petter Aarseth i Helsedirektoratet erkjenner at det kan vere etiske dilemma dei ikkje har makta å fange opp. Han seier at det har vore ein brei prosess der også sekretariatet i Bioteknologinemnda har vore med.

– Eg må berre ta kritikken til etterretning utan å vere i forsvar. Vi må sjå i augo i at vi ikkje treff 100 prosent. Men vi har ikkje ønskt å vere manipulerande. Vi har brukt det beste skjønnet vårt for å få svar som kan forståast og tolkast, svarar Aarseth.

– Ødegård er kritisk til heile konseptet med ein slik gallup. Kva svarar du?

– Vi er bedne om å gjennomføre ei slik undersøking. Men det kan vere saklege og faglege grunnar for ein diskusjon om det er ein god måte.

– Ødegård tilrå bruk av eit lekfolkspanel. Vil de organisere det?

– Vi har no hatt fokus på å gjennomføre dette oppdraget. Så får vi sjå på resultatet og vurdere om eit slikt panel skal komme i tillegg. Det må vi tilfelle diskutere også med oppdragsgjevaren vår, svarar Aarseth.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter