Halve Noreg manglar naudstraum til sine omsorgsbustader

Eldre og sjuke risikerer å fryse.

Montør Erling Sperle i Sognekraft reparerer høyspentlinja over Sognefjorden. Den ble satt ut av spel av uværet Dagmar i romjula, noko som førte til at brebygda Fjærland var utan strøm i over to døgn.
Publisert Sist oppdatert

I romjula miste kring 100.000 husstandar straumen i opp til fleire døger, då orkanen Dagmar herja i store delar av landet.

– Bekymringsfullt. Ei ny undersøking frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) viser at 49 prosent av norske kommunar ikkje har eit einaste naudstraumsaggregat til sine omsorgsbustader. Like mange manglar ei risikoanalyse av konsekvensane ved langvarige straumbrot. Med andre ord må mange eldre og sjuke ha ullteppet klart om straumnettet sviktar i vintermånadane.

Heller ikkje alle sjukeheimar vil holde varmen om straumen forsvinn. Berre halvparten av kommunane i undersøkinga svarer at dei vil vere i stand til å oppretthalde akseptabel innetemperatur ved straumbrot på fire dagar eller meir.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP