Nyheter

Halve Noreg manglar naudstraum til sine omsorgsbustader

Eldre og sjuke risikerer å fryse.

I romjula miste kring 100.000 husstandar straumen i opp til fleire døger, då orkanen Dagmar herja i store delar av landet.

– Bekymringsfullt. Ei ny undersøking frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) viser at 49 prosent av norske kommunar ikkje har eit einaste naudstraumsaggregat til sine omsorgsbustader. Like mange manglar ei risikoanalyse av konsekvensane ved langvarige straumbrot. Med andre ord må mange eldre og sjuke ha ullteppet klart om straumnettet sviktar i vintermånadane.

Heller ikkje alle sjukeheimar vil holde varmen om straumen forsvinn. Berre halvparten av kommunane i undersøkinga svarer at dei vil vere i stand til å oppretthalde akseptabel innetemperatur ved straumbrot på fire dagar eller meir.

– Det er bekymringsfullt at så mange kommunar ikkje har planlagt for slike situasjonar. Kommune-Noreg skal ha slike planar, seier avdelingsdirektør Per K. Brekke i DSB.

Tornerosesvevn. Samhandlingsreforma trod i kraft 1. januar i år, og gjev kommunane eit større ansvar for helsetenestene. Dette betyr mellom anna at sterkt pleietrengane pasientar må bu i kommunale omsorgsbustader eller på sjukeheimar til dei er friske nok til å reise heim.

Leiar for Eldresaken, Tore Henning Larsen, er ikkje overraska over funna.

– Dette er nok eit døme på at tenester vi nærmast tar for gitt ikkje eksisterer, kommenterer han tørt.

Larsen meiner norske styresmakter har lulla seg inn i en tornerosesvevn.

– Det burde vere sjølvsagt at aggregat vert kopla inn umiddelbart etter eit straumbrot. Mange eldre menneske som bur i omsorgsbustader burde vore på sjukeheim, og desse vil få store problem om straumen forsvinn, seier han.

Treng varme. Leiar for Norsk Sykepleierforbund, Eli Gunhild By, påpeikar kor viktig det er at pasienttryggleiken vert teken vare på også for denne gruppa.

– For menneske som bur i omsorgsbustader er varme det kritiske når straumen forsvinn. Om kommunen ikkje har naudstraum tilgjengeleg, må dei vite kvar dei skal flytte pasientane, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter