Nyheter

Full strid om muslimske skular

Kristin Halvorsen vil ha, men SV i Oslo seier nei.

Regjeringa sitt ja til muslimsk skule undergrev integrering. Det meiner Frp i Oslo. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er også på kollisjonskurs med dei raudgrøne i Oslo, skriv Dagsavisen.

Sist veke fekk Foreningen Fredsskolen klarsignal frå regjeringa til å starte opp ein muslimsk skule i Oslo. Det vil i så fall bli den einaste skulen i Noreg på muslimsk grunnlag.

– Eg vart utruleg glad og letta, seier initiativtakar Tareq Moazzem til Dagsavisen.

Eit fleirtal i Oslo bystyre, med Arbeiderpartiet, SV, Rødt og Frp gjekk imot opprettinga, men Utdanningsdirektoratet ga likevel skulen grønt lys. Kommunen klaga så på vedtaket, men fekk ikkje medhald av Kunnskapsdepartementet.

– Regjeringa undergrev integreringa i Oslo. Eg synest det er spesielt at kunnskapsministeren overprøver det lokale sjølvstyret, seier Frps stortingsmann Christian Tybring-Gjedde.

Knut Even Lindsjørn (SV) som er leiar i Kultur- og utdanningskomiteen i Oslo bystyre, er på kollisjonskurs med Halvorsen. Han håpar at skulen aldri ser dagens lys.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter