Nyheter

Frps Per Sandberg vil jobbe med bistand på Haiti

Stortingspolitikaren skal bli bistandsarbeidar etter at livet i rikspolitikken er over. Det står i ektepakta.

Etter 16 år som tingmann frå Nord- og Sør-Trøndelag, er Per Sandberg klar for fire nye år på Løvebakken - og fire nye år med pendling mellom Oslo og Senja, der han bur med kone og son.

Dei mange åra med politisk arbeid og pendling har fått Sandberg og kona til å skrive ektepakt om kva dei skal arbeide med den dagen rikspolitikaren gjev seg. Sandberg skal ikkje bli kommunikasjonsrådgjevar, slik mange av hans kolleager blir:

– Da skal vi jobbe med bistand. Vi trur vi kan utrette mykje, og då skal prosjekta vere retta mot barn og unge, seier Per og Line Sandberg til Se og Hør.

Til Haiti. Framstegspartiet er opptatt av frivillig bistandsarbeid. I programmet for neste stortingsperiode har Sandberg vore med på å vedta følgjande: «De frivillige organisasjonene gjør mye bra. (...) FrP ønsker å legge til rette for å øke skattefradraget for gaver til frivillige, samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner.» Derfor skal den statlege bistanden Norge yter kvart år kuttast kraftig.

Per Sandberg og kona har tenkt så mykje over bistandsframtida at dei også har blinka seg ut eit land dei kan tenkje seg å jobbe i: Jordskjelvherja Haiti står dei hjarta nærast.

– Vi vil at Jakob (sonen, red. anm.) skal lære seg at livet ikkje handlar om flatskjermar, Ipad-ar og slike duppedittar, seier Frp-ekteparet.

Glede i KN. Anne-Marie Helland, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp (KN), er glad for Per Sandbergs sterke bistandsengasjement, men er langt meir avventande til å kunne innfri hans ønskje om å få arbeide på Haiti - om han hadde spurt KN.

– Vi sender nesten ikkje ut nordmenn. Vi driv arbeidet med nasjonale medarbeidarar for å byggje opp kompetanse i landa vi arbeider i.

Ho oppmodar Sandberg til å ta ut engasjementet for verdas fattige når han vender tilbake til Stortinget etter valet.

– Dei frivillige hjelpeorganisasjonane treng ressursar for å kunne hjelpe fleire, mellom anna ved å byggje opp eit sterkt, sivilt samfunn på Haiti.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter