Nyheter

Frp-iranar illsint på reiser til Iran

- Reiser du på ferie til Iran, så har du ikkje fortent å få opphald i Norge, seier Frp-politikar.

Vårt Land skreiv i går at fire av fem iranarar som har fått opphald i Norge, reiser tilbake til heimlandet på ferie– eller forretningsreiser. Reisetrenden er sesongprega, og no på sommaren er utfarten størst.

– Desse reisene er heilt forkastelege, seier norskiranske Mazyar Keshvari. Frp-politikaren kom til Noreg som politisk flyktning i 1986. Sidan har han og familien aldri vore tilbake.

LES OGSÅ: Flykta frå Iran - dreg tilbake på ferie

– Eg kjem aldri til å returnere. Norskiranarar som gjer dette, viser at dei ikkje har opphaldsgrunn i Norge. Desse utnyttar systemet, og det syner at asylpolitikken burde strammast inn, seier en kraftig provosert Keshvari.

– Tull. Han omtalar heimlandet sitt som eit brutalt terrorregime, og at å reise tilbake blir å samarbeide og støtte opp om regimet.

– Forstår du ikkje at dei saknar familie og heimland?

– Det har eg stor respekt for. Til dømes skulle eg gjerne vore i gravferda til morfaren min, men reiste likevel ikkje.

– For enkelte kan det vel vere vanskeleg å bu i Iran, medan nokre få veker er ufarleg?

– Nei, det heng ikkje på greip. Det er ikkje slik at du er trygg i to veker, og så blir du utrygg den tredje veka.

Når det gjeld dei som har starta business i regimet, har desse gått langt over streken, meiner Keshvari.

– Det er heilt uakseptabelt. Dette er å støtte opp om eit utruleg brutalt regime.

Justis: Ok. Statssekretær i Justisdepartementet, Pål K. Lønseth, seier reise- og businesstrenden ikkje utan vidare er problematisk.

– Vi kan ikkje skjere alle over ein kam. Har det gått fleire år sidan vedkommande fekk opphald, kan situasjonen ha endra seg i heimlandet. Då er det berre positivt dersom vedkommande har kontakt og driv næringsverksemd i heimlandet.

Lønseth meiner slik verksemd kan vere med på å utvikle tilhøva i Iran.

– Vil du likevel seie at reiseverksemda svekkar asylsøknaden til iranarar som søkjer asyl no?

– Nei. Utlendingsetaten vurderer den enkelte individuelt. Men juksing over tid kan gå utover folket si oppslutning til å gi opphald, noko som igjen kan føre til at asylpolitikken blir stramma inn, seier Lønseth.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter