Nyheter

Frivillige tiltak for rusoffer får ros

Forskarar har evaluert bruken av 135 millionar støttekroner. Godt skussmål til Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon.

Forskingsinstituttet IRIS slår i ein fersk evalueringsrapport fast at støtteordninga til frivillig rusarbeid er vellukka.

I ei tid der det er politisk krangel om bruken av frivillige krefter i mellom anna rusomorga, viser altså evalueringsrapporten av bruken av midlane i ei eiga støtteordning på dette feltet verkar.

Kritikk. Både KrF, Høgre og Frp skuldar regjeringa og helseføretaka for å ofre frivillige krefter mellom anna i rusomsorga når det er offentlege tilbodsrundar om oppdrag.

89 frivillige og ideelle verksemder fekk i 2009 til saman 135 millionar kroner gjennom ei særskilt støtteordning for prosjekt og tiltak. Formålet var å støtte opp rusarbeid i frivillige sektor. Sidan 2006 er ordninga reelt auka med 65 millionar kroner.

Organisasjonane som har fått støtte, ser på støtteordninga som fleksibel og ubyråkratisk, heiter det i rapporten frå IRIS.

160 millionar. I 2010 er det løyvd vel 160 millionar kroner til støtteordninga. Dei siste åra er det etableringa av Gatehospitalet i regi av Frelsesarmeen og det gatenære tilbodet «24SJU» i regi av Kirkens Bymisjon som har vore dei største satsingane.

– Både ved dei etablerte institusjonane og prosjekta/tiltaka føregår det ei aktiv utvikling der profesjonalisering er eit viktig stikkord, heiter det i IRIS-rapporten.

Rapporten kommenterer også det frivillige innslaget i kampen om å nå fram i tilbodsrundane i heleforetak og kommunar. Det heiter at desse tilbodsrundane er ein balansegang mellom det å sikre mangfald på den eine sida og sikre kvalitet i behandlingstilbodet på den andre sida.

– Tilskotsordninga framstår såleis som viktig for å motverke einsretting i behandlingsfeltet, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: SV åpner for bruk av private i rusomsorgen

Dilemma. Rapporten løyner ikkje at for særleg døgninstitusjonane som er heilt avhengige av stabile inntekter, er det avgjerande kva føringar som blir lagde i det offentlege tilbodsregimet i tida som kjem, mellom anna om medikamentfri behandling vert inkludert.

Helsedirektoratet legg vekt på at prosjekta må få på plass annan finansiering, særleg kommunal, for at dei skal bli permanente. Dei frivillige tiltaka er derimot usikre på om kommunen vil vere ei stabil finansieringskjelde. Rapportskrivarane skriv at spørsmålet er om tiltaket ikkje er godt nok, eller om det er slik at kommunen er påhalden med å sprøyte inn midlar i rusfeltet.

– Svaret er ikkje gitt. Men det er klart at enkelte tiltak vil måtta leggje ned, poenget med prosjektstøtteordninga er at dei mest innovative prosjekta skal vidareførast, medan dei som ikkje gjev noko nytt, vil måtta leggje ned.

LES OGSÅ: Vil gjøre det lettere for kristne å drive rusomsorg

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter