Nyheter

Forbyr prest å bruke tennissko

Sokneprest blir pålagt å bruke svarte sokkar og svarte finsko.

Sokneprest Michael Schwensen meiner kravet om at han som prest må bruke svarte sokkar og svarte finsko når han held gudsteneste, er utdatert.

Jesus gjekk med bare føter i sandalar, og moderne kyrkjegjengarar går i fritidssko, så kvifor skal presten vere svart frå topp til tå, spør prelaten i Tversted kyrkjelyd.

Den danske folkekyrkjepresten frå Jylland opplever at han bannar i kyrkja når han no ønskjer å spenne på seg meir ledige sko når han skal på kyrkjeveg.

– Eg oppfattar at sokneråd, biskopar og prestar gjerne vil ha fornying, men skjer det noko? Sjølv prestens fottøy held ein hardt på, seier han til Kristeligt Dagblad.

Sandalar eller tennissko. Schwensen meiner det er umoderne å gå rundt i svarte sokkar og sko og svart prestekjole. Han vil mykje heller gå berrføtt i sandalar eller stikke føtene ned i eit par kvite tennissko når han sundag føremiddag går i kyrkja for å møte kyrkjelyden.

Han har to skoargument: Svarte sko er alt for varme om sommaren, og han vil likne kyrkjegjengarane. Dei siste har jo slutta å kle seg fint for lenge sidan.

Negativ prost. Men både prost og presteforeining meiner Michael Schwensen ikkje har noko val. Som sokneprest må knyte på seg svarte sko. Presteforeininga krev at han oppfører seg «passande».

Til akkurat det argumentet repliserer Schwensen at eit slikt syn på kyrkjeleg skotøy er eit uttrykk for at kyrkja undervurderer både Gud og menneske.

– Det gjeld ikkje å støyte kyrkjelyden for dei interesserer seg meir for sokkar og sko enn for kva som blir forkynt. Prestekjolen og dei svarte sokkane og dei svarte skoa er ei heilag ku, som ikkje har noko symbolsk tyding.

Sjå til frikyrkjene. Soknepresten meiner den danske folkekyrkja heller burde sjå på fottøyet til prestane og pastorane i frikyrkjene som veks.

– Der er folk likeglade med sko og prestekjolar.

To krav. Kyrkjedepartementet har sendt ut eit rundskriv om tenesteklede for Danmarks prestar. Men her står det ikkje noko om sokkar og sko. Likevel har Michael Schwensens sjef, prost Ole Dybro i Hjørring Nordre prosti, sagt tydeleg frå om kva slags fottøy sokneprestar skal bruke:

Svarte finsko. Og svarte sokkar.

Enn så lenge respekterer Schwensen prostens krav.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter