Nyheter

Får hyllest for 17. mai-trend

Glad sørlandsungdom har starta heiagjengar til barnetoget i Oslo, Bergen og Stavanger.

Lufta er varm, bjørka står lysegrøn og Stenbråten skole passerer slottet. Kongefamilien vinkar med stive handledd. Deretter gjer toget ein sving og forsvinn ned mot Henrik Ibsens gate. Så skjer det:

«Vift med flagget - vift med flagget - vift med flagget!»

Det taktfaste ropet kjem frå ein stor flokk ungdommar som står langs barnetog-traseen. Borna i toget løfter sine hundrevis av flagg mot himmelen og ristar laust.

«Hipp-hipp, hurra! Hipp-hipp, hurra! Hipp-hipp, hurra!», ropar alle.

– Denne heiagjengen skaper dødsbra stemning. Borna lyser opp når dei passerer her, smiler Maja Michelsen som observerer gledesropa.

– Eg blir ståande her på grunn av stemninga dei skaper, smiler oslobebuaren.

Skjuler jubelen for Kongen. Slik var det ikkje for seks år sidan. Erlend Roaldsnes og ein venegjeng frå Kristiansand opplevde sin første 17. mai feiring i hovudstaden. Til stor skuffelse var stemninga i bornetoget låg, syntes dei.

– Difor starta vi å synge, heie og gire opp borna. Dette blir sjette året at vår heiing blir eit fast innslag i toget, fortel Roaldsnes.

Heiagjengen består i hovudsak av kristen ungdom som er aktive i kyrkjelydar og kristne organisasjonar i hovudstaden. Høflege som dei er, har dei gøymt seg ned i bakken slik at «Kongen ikkje skal bli forstyrra». Men gjengen får kvart år skryt av foreldre og lærarar som går gjennom jubeltunnelen.

– Vi har blitt ein snakkis, seier 26-åringen.

Oppslutninga i jubelgjengen aukar også. I fjor var det rundt 100 som heia. I år er talet rundt 180.

Fenomenet spreier seg. Og sørlandsfenomenet har kristenungdommen teke med seg til Bergen og Stavanger også.

– I år er vi rundt 60 stykk. Dette tek heilt av. Folk kjem og seier til oss at dei har fått ei ny oppleving av 17. mai, jublar sørlendingen Hanne Alfsen på telefon frå Bergen.

– Her er stemninga god til trass for litt regn, fortel sørlending Eivind Sødal frå Stavanger. Der er 50 personar er med i hurragjengen til barnetoget, og enno fleire til folketoget seinare på dagen.

– Vi er vant til at det er meir liv. Det er for kjedeleg å berre stå og sjå på, seier Sødal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter