Nyheter

Får dødsbodskapen i media

Prestar vegrer seg å ringje til pårørande for å unngå at media fortel dei om ulykker fyrst.

Krisepsykolog Atle Dyregrov kjenner fleire tilfelle der personar har fått vite at eit nært familiemedlem er død gjennom ei tekstmelding på mobiltelefonen, på Facebook eller via ei nettavis. Han fortel at det kan vere ei svært traumatisk oppleving.

– Korleis eit dødsbodskap vert gjeve betyr mykje. Risikoen for å få traume i etterkant er større om beskjeden vert formidla på ein omsynslaus måte. Det vert eit minne som brenn seg fast, og som ein spelar om att i hovudet, forklarer Dyregrov.

Prest på døra. Det er som regel prestane som har den tunge oppgåva å informere pårørande om brå dødsfall i familien. Dette skjer ved at presten bankar på døra heime hjå dei det gjeld, og gjev meldinga personleg.

Stadig oftare opplever prestane å kome for seint; dei pårørande har allereie motteke bodskapen av nokon andre.

– Informasjon spreier seg raskt. Sjølv om vi prøver å kome i kontakt med dei pårørande så kjapt som råd, skjer det ofte at nokon andre kjem oss i forkjøpet, fortel prost i Vadsø, Stein Ovesen.

Bør ringe fyrst. Dyregrov meiner at personleg oppmøte er ein forelda framgangsmåte, og at politiet må tenkje nytt for å hindre at pårørande vert utsette for den ekstra påkjenninga det kan vere å få meldinga frå media eller frå opprørte vener.

– Det optimale er at ein prest kjem til heimen, men sånn fungerar ikkje det moderne informasjonssamfunnet lenger. Å ringe ut dødsbodskapen er difor den einaste måten det kan gjerast på ein planlagt måte av nokon som veit korleis meldinga skal formidlast.

Sjølvmord i SMS. Stein Ovesen har lang erfaring med å gje dødsbodskap. Han har plukka opp røret ved høve der dødsulukker umiddelbart har hamna i media.

– Då har det gjerne berre gått nokre få minutt frå eg ringde og til familien fekk ein storm av telefonar. I dei tilfella trur eg det var lurt å ringe med éin gong, seier Ovesen.

– Opplever du arbeidet som ein kamp mot media?

– Det nyttar ikkje å tenke sånn. Det viktigaste er at eg gjer jobben min på ein tilfredstillande måte, seier han.

Ovesen vert fortvila over kor tankelause ein del menneske kan vere, og kjem med eit døme:

– Etter eit sjølvmord vart ein SMS sendt ut til heile bygda, med beskjed om at vedkomande hadde hengt seg.

Sjømannsprest Stein Vangen meiner at ein må vise meir omsyn.

– Det handlar om folkeskikk. Bilete av ulykker kjem i media altfor raskt, ofte fordi augevitne vert premierte for å sende inn eigne bilete. Det er som om folkeetikken er i ferd med å endre seg, hevdar han.

Krisepsykolog Dyregrov meiner det trengs meir offentleg informasjon om skadeverknadane av traumatiske dødsbodskap.

– Vi må unngå å dumpe slike meldingar til pårørande. I media fjernar ein kjenneteikn, som skiltnummer på bilar, men folk klarar å leggje to og to saman. Journalistar må vere medvitne om det ansvaret dei ber, seier han.

Ein dårleg idé. Både Stein Ovesen og Atle Dyregrov meiner at heimebesøk har ein avgjerande funksjon, sjølv om det ikkje er presten som kjem med dødsbodskapen.

– Besøket kan heller fungere som ei stadfesting, og for å sikre familien den stønaden og hjelpa dei treng, seier Dyregrov.

Sjømannsprest Stein Vangen trur ikkje det er ein god idé å ringe ut dødsbodskap.

– At ein har gjeve ein beskjed betyr ikkje at vedkomande har forstått han. Eg har fleire gonger opplevd å kome heim til pårørande og fortalt om ei tragisk dødsulukke, og etter ei stund spør dei: «Kvifor er du her?». Då har dei fortrengt meldinga, og eg må starte på nytt. Via telefon er det ikkje mogleg å følgje opp personen, og det er lett å kome skeivt ut.

Ikkje aktuelt. Dyregrov innrømmer at ei telefonsamtale inneberer risikomoment, men at det ideelle ikkje må stå i vegen for det moglege.

– Politiet må ta inn over seg at røynda ikkje ser ut som ho gjorde for 20 år sidan, og innføre nye rutinar. I dag famlar ein seg fram, meiner krisepsykologen.

Ifølgje NRK vert det fleire stader diskutert internt i politiet kva som må gjerast. Politiet i Hordaland seier til Vårt Land at det ikkje er aktuelt å byrje å ringe ut dødsbodskap.

– Det er viktig at nokon fysisk er til stades for å ta imot dei fyrste reaksjonane som kjem. Telefonen brukar vi nesten aldri, han er ikkje eit høveleg instrument, seier politifyrstebetjent Jens Ekmann hjå Vold- og sedelighetsseksjonen på Bergen Politistasjon.

Senter for krisepsykologi skal i sommar intervjue etterlatne for å få meir kunnskap om korleis pårørande opplever å få ein dødsbodskap.

– Vi håpar at dette prosjektet vil munne ut i klårare retningslinjer for korleis desse situasjonane skal handterast, seier Atle Dyregrov.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter