Nyheter

Elevar overrumpla statsrådar

Fire statsrådar sat i går i møte på Holocaustsenteret. Der fekk dei møte elevar som ikkje har høyrt om antisemittisme før, men som nyttar «jøde» som ukvemsord.

– Mange bruker jøde som skjellsord heile tida, fortel elevane frå Rælingen vidaregåande skule i Akershus.

– Er det det? I kva samanhengar? spør barne og likestillingsminister Inga Marte Thorkildsen.

– Dersom du er dum i ein situasjon eller dersom du er gjerrig og vil låne pengar, så blir du kalla jøde, svarar elevane.

– Å bruke slike skjellsord kan virke ufarleg, men når du ser på historia så ser du kor farleg det er, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Oppvekkar. Det er i Holocaust-senterets mørke gangar at barneminister Inga Marte Thorkildsen og kunnskapsminister Kristin Halvorsen får ein dagsaktuell oppvekkar. Elevane, som går studiespesialisering i tredje klasse på vidaregåande, fortel om ein skulekvardag der jødehets er heilt vanleg.

Heile fire statsrådar troppa i går opp på Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret): Kunnskapsminister Kristin Halvorsen, inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen, justisminister Grete Faremo og kyrkjeminister Rigmor Aasrud. Statsrådane skulle i møte med leiinga på senteret for å diskutere oppfølgingstiltak etter rapporten som viser at 12,5 prosent av befolkninga har sterke fordommar mot jødar.

Sjokkert. – Dette er veldig overraskande, seier likestillingsminister Thorkildsen til Vårt Land om det elevane fortel.

– Eg blir overraska når elevane ikkje koplar det å bruke jøde som skjellsord med antisemittisme, seier kunnskapsminister Halvorsen.

Og elevane som fortel hører ikkje til folkegrupper som er i konflikt med Israel, men heiter Petter Kneppe (18), Solveig Wickstrøm (18), Solveig Engerholm (18) og Jacob Roberts (18).

– Brukar de sjølv jøde som skjellsord?

– Ja, det har vi gjort mange gongar, svarer dei fire elevane.

– Er de rasistar?

– Nei. Men det er veldig stygt å seie dette. Det er noko eg vil forandre på no, seier Petter Kneppe.

– Lærer de nok om jødar og antisemittisme på skulen?

– Nei. Antisemittisme har eg ikkje høyrt om ein gong før besøket her på HL-senteret i dag. Dette vart ein oppvekkar, seier Kneppe der han studerer veggen der Hitler er avbilda.

– Vi lærer for lite om jødar og historia deira, seier Jacob Roberts.

– Trudde alle visste dette. – Har norske elevar nok kunnskap om jødisk historie og antisemittisme, kunnskapsminister Kristin Halvorsen?

– Nei. Difor vil vi no auke støtta til HL-senteret slik at det får midlar til å lage materiell til skulane om antisemittisme og til å forske. I tillegg vil vi sjå gjennom lærebøkene for å finne ut korleis antisemittisme og jødane si historie blir framstilt.

Inga Marte Thorkildsen er oppteken av at jøde-skjellsord kan føre til handling.

– Eg hadde trudd alle elevar hadde kunnskap om antisemittisme. Dette lærte eg om tidleg i skuleåra. Elevane må lære å kjenne igjen når ein gjer andre menneske til mindreverdige, seier Thorkildsen.

I LAURDAGENS PAPIRUTGÅVE: LES OM KVA GREP STATSRÅDANE VIL TA MOT ANTISEMITTISME

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter