Nyheter

Domprost: La sjeik Qaradawi komme til Noreg

KrF åtvarar mot å invitere «dødssjeiken».

Domprost Olav Dag Hauge i Oslo er ein av få nordmenn som har møtt Yusuf al-Qaradawi. Han reiste og deltok i eit møte med al-Qaradawi i Qatar i februar 2006 då bråket om Muhammed-teikningane var på sitt verste. Han vil ikkje blande sge opp i invitasjonen av sjeiken.

LES OGSÅ: Dødssjeiken flytter trolig til Norge

– Han er ein viktig person for grupper i den islamske verda, og også for nokre i Noreg. Som eit fritt land bør vi vere opne for at også han kjem hit, dersom han kjem hit på lovleg måte og ikkje bryt med dei reglane vi har sett, seier Hauge

Det er Det Islamske Forbund ved forstandar Basim Ghozlan som vil invitere Qaradawi til ein konferanse og til å bu her ei tid for å utvikle bønetider for nordiske forhold, melde VG Nett torsdag. KrFs Hans Olav Syversen åtvara mot å invitrere Qaradawi.

– I møtet vi hadde med han, var vi tydelege på at muslimar her i landet får utvikle sin religion med hjelp av trykke- og ytringsfridommen vi har her i landet. Kjem han, er det viktig at han får oppleve dette. Og skulle han komme med nokre av dei groteske synspunkta sine på Israel og Holocaust, må vi møte han med klar tale.

LES OGSÅ: Muslimsk leder hyller Holocaust

LES OGSÅ: Tar avstand fra Holocaust-hyllest

– Litteraturfestivalen sin invitasjonen til Holocaust-fornektar David Irwing vart trekt tilbake. Stør du invitasjonen av al- Qaradawi?

– Hadde dei spurt eg til råds, ville eg sagt det var andre å invitere, så det handlar ikkje om at eg stør invitasjonen. Men eg vil ikkje leggje meg opp i kven Det Islamske Forbundet – eller Litteraturfestivalen – inviterer, svarar Hauge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter