Nyheter

Dette må vi venne oss til

Flaumar, jordskred og stengde vegar er fenomen vi må bli vande med. Risikoen for at 2011 viser oss framtidas sommarvêr er nemleg stor.

Ekstreme nedbørsmengder har dei siste dagane herja Trøndelag og Austlandet. På Rørosvidda vart det målt 111 millimeter nedbør i løpet av eitt døgn, og mange stader vart det i går varsla om flaum- og jordskredfare. Fleire har vorte evakuerte frå heimane sine eller blitt innesperra av vassmassane. Ein av dei som fekk merke naturkreftene er Kai Finnerud. Saman med to andre måtte han evakuerast frå ei hytte i Stange - i grabben på ei gravemaskin.

– Det var veldig overraskande at det plutselig skulle bli så alvorlig. Hytta har stått på same stad sidan 1770, så vi rekna med at ho skulle bli ståande no også, sjølv om elva vart større og større, seier Finnerud til Hamar Arbeiderblad.

BILDESERIE: Strømmer av vann igjen

Varmt vert vått. Ifølgje Meteorologisk Institutt ligg nedbøren hittil i år 40 prosent over normalen. Perioden januar til juli er dermed den fjerde våtaste sidan 1900. Våtast var 1995 med 1,5 gonger meir nedbør enn normalt.

Klimaforskar Hans Olav Hygen hjå Meteorologisk Institutt forklarer at årsaka til ekstremvêret er temperaturstigning.

– Kraftige regnskyll krev mykje energi og væte. Energien i varmen frå bakken får skyene og luftmassen til å bevege seg raskt, og dannar dermed kraftige regnbyer som tømer seg kjapt.

Gjennomsnittstemperaturen ligg hittil i år 1,2 grader over normalen, og store mengder energi har vore tilgjengeleg for nedbørsglade vêrgudar.

LES OGSÅ: Flomvann tok over bygda

Hyppigare regnskyll. Klimaforskaren meiner at vi må bu oss på hyppigare regnbyer av det kraftige slaget framover.

– Dei fleste vêrmodellane våre viser at dei kraftige regnskylla vil førekomme oftare enn vi er vande med, seier han.

Hygen hevdar likevel at det ikkje er grunn til å henge med hovudet med tanke på sommarvêret i åra som kjem.

– Det som er så fantastisk flott med vêret, er at vi ikkje veit kva som skjer frå år til år. Det vil vere store variasjonar, så vi kan framleis gå somrane i møte med glede.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter