Nyheter

- Blindspor å skifte KrF-leiar no

Partiveteran Svein Helgesen meiner KrF må unngå same feilen som då Svarstad Haugland gjekk av.

I eit innlegg på verdidebatt.no skriv Helegesen: «Skifte av leiar når det røyner på kan avogtil vere klokt, men ikkje no. No er det tid for å gi Høybråten den autoriteten han treng for å gi tydeleg seglingsordre. Så får han og mannskapet saman, når farvatnet blir smulare, vurdere når det er klokt medskifte på brua. Gjer ikkje same feil som for sju år sidan og byt ut leiaren som følgje av den type spel og motspel som lett får folk til å miste fokus i tøffe tider!»

LES OGSÅ: KrF under sperregrensen

Helgesen har skrive dette som ein kommentar til Magne Lerøs kommentar om Høybråten i ørkenen.

I sin eigen blogg skriv Oddbjørn Evenshaug at det ser ut til at KrF går i den same fella som mange politiske parti har gjort før når vanskane tårnar seg opp: Ein hakkar på leiaren og diskuterer leiarskifte

LES OGSÅ: Grunnfjellet forvitrer for KrF

Han viser til det han kallar det «massive bakholdsangrepet» som vert retta mot Høybråten i Aftenposten i dag.

«Jeg har ikke gode nok forutsetninger for å mene noe om sannhetsgehalten i de beskrivelsene som de anonyme partimedlemmene gir til Aftenposten, men jeg er overbevist om at dette bare fungerer destruktivt», skriv han.

LES OGSÅ: Gult kriseparti

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter