Nyheter

Bistandskutt: Desse landa lever farleg

Dei blåblå kan enkelt kutte nesten 40 land, men vil berre spare 120 millionar kroner på barberinga.

– Utanriksminister Børge Brende snakkar om 20-25 utvalde fokusland. Kva land dette blir, og kva det inneber, er det mest spanande ved det komande ­bistandsbudsjettet, seier Wenche Fone til Vårt Land. Ho l­eiar ­utviklingspolitisk avdeling i ­Kirkens Nødhjelp (KN).

116 land mottok bistandskroner frå Norge i fjor. Slik fekk over halve verda norsk utviklingshjelp då 32,8 milliardar kroner blei delt ut.

– Det er alt for mange. Fleire­ av desse landa treng ikkje ­økonomisk hjelp frå Norge, sa Per Sandberg til Vårt Land før helga.

Han som både er nestleiar i Frp og partiets utviklingspolitiske talsmann, varsla at talet på mottakarland kan bli barbert ned til 60-70.

LES OGSÅ: Gir Frp klar beskjed: Ikke rør bistandsprosenten

Rammar småprosjekt. Norad har laga ein oversikt for Vårt Land som viser kva land som får minst bistand frå Norge (sjå faktaboks). I fjor mottok heile 38 land mindre enn ti millionar kroner i utviklingshjelp. Oppsummert fekk 36 land 121,8 millionar kroner.

– Kirkens Nødhjelp er budd på at vi kan miste prosjekt i nokre av desse landa når regjeringa no skal kutte land som får norsk bistand, seier Fone.

Konkret kan det ramme KN-prosjekt i Mauritania, Dominikanske republikk, Botswana og Algerie, viser Vårt Lands oversikt. I fjor fekk KN 8,5 millionar kroner til prosjekt i dei tre første landa, medan dei måtte betale tilbake 50.000 ubrukte kroner for eit prosjekt i Algerie.

Men KN åtvarar utanriks­minister Børge Brende (H) mot å ta det enkle grepet for å nå målet om færre mottakarland:

– Tek han heile denne gruppa på 38 land berre for å oppfylle lovnaden om konsentrasjon, blir det berre symbolpolitikk, seier Fone, og legg til:

– Difor blir det viktigare å sjå kva regjeringa gjer med dei landa som får mest bistand, seier Fone i KN.

LES OGSÅ: Frp varlser kraftige kutt i bistanden

Halvering i KN. I fjor fekk Brasil mest, nesten 4 milliardar kroner. På plassane etter kom Afghanistan, Palestina, Malawi, Tanzania, Sør-Sudan, Uganda, Syria, Somalia og Etiopia som fekk frå 744 millionar til 359 millionar kroner. Totalt fekk dei ti landa 8,6 milliardar kroner.

Brende ventar med detaljane i det første blåblå bistandsbudsjettet, men han peikar ut retninga:

– Det er viktig med meir ­resultatfokus i bistanden. Per i dag er innsatsen spreidd for tynt: over for mange land og prosjekt. Eit viktig tiltak for å sikre meir effektiv bruk av bistandsmidlar, er å konsentrere innsatsen, seier han til Norad.no. KN har alt budd seg på konsentrasjon. Organisasjonen har barbert talet på prosjektland kraftig.

– I løpet av fem år har vi gått frå 65 til 30 land. Vi meiner det er fornuftig å konsentrere innsatsen i utvalde land framfor å drive mange små prosjekt i mange land, forklarar Fone.

Difor trur KN at det komande bistandsbudsjettet vil ramma fleire små organisasjonar og små prosjekt. På Norad-lista er det 15 land som fekk mindre enn ein million bistandskroner i fjor.

LES OGSÅ: Norad: Mer opptatt av penger enn resultat av bistand

Budsjettkamp. I morgon samlar finansminister Siv Jensen (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) fagstatsrådane til den avgjerande budsjettkonferansen. I to dagar skal Høgres og Frps ministrar knive om kronene i statsbudsjettet som blir lagt fram 8. oktober.

Dei ti siste åra er bistandsbudsjettet dobla – frå 14,8 milliardar i 2004 til 32,8 i fjor. Under halvparten av norsk bistand går til eit spesifikt land eller ­region. FN og Verdsbanken er store mottakarar av norsk ut­viklingshjelp.

LES OGSÅ: Sp: Øk bistanden til over én prosent

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter