Nyheter

Betanien hentar inn erstatningar

Betanien-styret prøver å dekkje inn millionunderslaget. Dømt eks-sjef villig til å betale det han kan. Revisjonsselskap har betalt hemmeleg erstatning.

Tidlegare toppsjef i Stiftelsen Betanien Bergen (SBB), Are Blomhoff, ankar ikkje dommen frå Drammen tingrett, det gjer heller ikkje påtalemakta. No må Are Blomhoff, som var dagleg leiar i SBB fram til januar 2013, bu seg på sone straffa på tre års fengsel for underslag av nesten 16 millionar kroner.

Samstundes arbeider SBB-styret med å drive inn erstatningar for å dekkje mest mogleg av millionane Blomhoff tok frå stiftinga.

– Vi har hatt eit møte med Blomhoff og advokaten, og vi forstår at han vil prøve å gjere opp for seg så langt han evnar, fortel styreleiar i SBB, Christian Hysing-Dahl, til Vårt Land.

LES OGSÅ: Tilbød Blomhoff stilling og stillhet

Privat runde

For å sikre seg har SBB tatt pant i eit hus og ei hytte Blomhoff eig. Men desse verdiane kan ikkje realiserast utan vidare, for eigedommane er ikkje eigd av Blomhoff åleine.

– Huse og hytte dekkjer ikkje opp summen min klient er dømt for å ha underslege, fortel advokat Per-Erik Gåskjenn til Vårt Land. Han var Blomhoffs forsvarar i straffesaka. No hjelper han Blomhoff med den privatrettslege runden med SBB om erstatning.

I tingretten blei ikkje Blomhoff dømt til å betale tilbake millionane han tok frå Betanien gjennom ei årrekkje.

Hemmeleg forlik

Ei anna privatrettsleg erstatningssak er allereie avgjort. I eit hemmeleg forlik med Deloitte seier revisjonsselskapet at det skal betale ei erstatning til Stiftelsen Betanien Bergen.

– Vi har inngått ein avtale, men eg kan av omsyn til teieplikta ikkje fortelje kva avtalen inneheld, seier Hysing-Dahl.

Bakgrunnen for forliket er denne: I granskingsrapporten som SBB-styret fekk levert frå revisjons- og rådgjevingsfirmaet BDO, får revisor kritikk. BDO meiner det er ting som tyder på at «revisor ikke har utført kontrolloppgaver i samsvar med krav til god revisjonskritikk. Dette gjelder særlig kontrollen med bruk av midler tilhørende Stiftelsen på bankkonti i Spania».

LES OGSÅ: Blomhoff leverte medaljen tilbake til Kongen

Taust i Deloitte

BDO konkluderte med at det er «grunn til å stille spørsmål ved revisors kontroll». Som følgje av kritikken sa SBB opp revisjonsavtalen med Deloitte. I januar sa styreleiar Hysing-Dahl til Vårt Land at SBB vurderte erstatningskrav mot Deloitte på grunnlag av det som kom fram i granskingsrapporten.

No har det kome pengar på bordet, men ingen vil seie kor mykje.

Frode Vik Jensen, partnar og kommunikasjonsleiar i Deloitte, seier til Bergens Tidende at han korkje vil kommentere avtalen med Betanien eller kritikken som kjem fram i BDO-rapporten.

– Kor vanleg er det at Deloitte inngår forlik med tidlegare kundar?

– Eg ønskjer heller ikkje å gje generelle kommentarar, det kan fort bli oppfatta som om eg kommenterer sjølve saka, seier Vik Jensen til Vårt Land.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Granskar varslingar

Tilsynssaka mot styret i Stiftelsen Betanien Bergen (SBB) blei avslutta i desember, og gjenopna i februar. Bakgrunnen var brevet tillitsvalde ved Betanien sende til styret der dei la fram nye opplysningar – og ba styret om å gå.

Seniorrådgjevar Terje Gjertsen i Stiftingstilsynet fortel Vårt Land at det vil ta litt tid å sluttføre den gjenopna tilsynssaka.

– Vi skal blant anna sjå nærarar på nokre varsel som er blitt sendt.

– Er det snakk om fleire varslarar i denne saka?

– Nei, men i brevet frå dei tillitsvalde og i møtet vi hadde med dei, kom det fram opplysningar som vi vil forfølgje.

Underslagsskandalen ved Betanien starta med at varslarar i 2012 tok kontakt med styret og fortalde kva dei visste om dåverande dagleg leiar Are Blomhoffs bruk av stiftingas pengar og livsførsel.

I brevet frå dei tillitsvalde står blant anna dette: «Det synes også åpenbart at styreleder og styret skulle og burde ha kjennskap til Are Blomhoff sitt alkoholoverforbruk. Det har vært gitt gjentatte advarsler via tjenestevei, men ansatte og tillitsvalgte ser ikke at noe konkret er blitt gjort av stiftelsesstyret.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter