Nyheter

Barnehagen kjøpte like t-skjorter til alle

Bakken barnehage i Skien utstyrte barna med ei raud og ei blå t-skjorte. Foreldra er villige til å teste om skjorta dempar motepress og sosiale skilje.

– Hald koppen stille, Ilhaan, så sølar eg ikkje mjølk.

Kristin Rødseth Haugen ser til at fem jenter får det ei treng til lønsj for å bli mette. Skiver med skinke og majones eller makrell i tomat går ned på høgkant. Om det kjem tomatsaus på kleda er ikkje så nøye, for korkje ho eller jentene går i klede som ikkje toler ein flekk eller tre.

For i Bakken barnehage har foreldre, tilsette og styrar Lisbeth Kristiansen blitt samde om noko som er svært uvanleg i Norge:

Alle barna har fått like barnehageklede.

LES OGSÅ: Slik skal barnehagene bli bedre

Ingen krav. Første dag etter sommarferien fann alle dei 68 gutane og jentene ein grå papirpose i garderobehylla. Oppi låg to t-skjorter, ei raud og ei blå. Barnehagen krev ikkje at alle barna brukar t-skjorta kvar dag. Men den kommunale barnehagen og foreldra er blitt samde om at flest mogleg bør gjere dét.

– Eg veit ikkje om andre barnehagar i Norge som har gjort dette før oss, seier Lisbeth Kristiansen. Akkurat som dei andre tilsette går ho i «uniform»; raud t-skjorte den eine dagen, blå den andre.

Sosial utjamning. – Kvifor deler de ut like klede til alle barn?

– Like klede er sosialt utjamnande. Vi har barn frå familiar med mykje pengar og med lite pengar. Med dette tiltaket prøver vi å fjerne motepress i barnehagen, seier styrar Kristiansen.

– Korleis reagerte foreldra då forslaget om å gje barna like klede blei lagt fram i vår?

– Som forventa, med sunn skepsis.

LES OGSÅ: Norsk klesgigant signerer tekstil-avtale

Vil dempe motepress. Men foreldregruppa sa ikkje nei. Etter diskusjonar i foreldreutvalet og i samarbeidsutvalet blei dei samde: Vi prøver.

– Eg både ser og høyrer om motepress i barnehagen. Difor kan dette tiltaket vere med på å dempe slikt press, seier Birgitte Grong, leiar i samarbeidsutvalet i Bakken barnehage.

– Alle foreldre er ikkje overtydde om at ordninga med t-skjorter er vegen å gå, men som gruppe har vi sagt at vi vil prøve for å hauste erfaringar.

I det nasjonale Foreldreutvalget for barnehager (FuB) får Bakken barnehage skryt:

– Her har foreldre og barnehage funne fram til eit tiltak for å fremme sosial utjamning. Det er veldig positivt, seier FuB-leiar Lena Jensen, og legg til:

– Det skal bli spanande å følgje dette prosjektet.

LES OGSÅ: KrF og SV: Maks tre barn per voksen i barnehage

Førebels berre t-skjorte. Denne augustdagen er det varmt i veret i Skien. Ei t-skjorte er alt som trengs.

– Kva skjer til hausten eller vinteren, blir det nye klede?

– Nei, førebels blir det med t-skjorta. Når det blir kaldare vil vi at t-skjorta blir trekt over andre klede. Men når vi er ute til hausten og vinteren blir det regnklede eller parkdress på alle, forklarar styrar Lisbeth Kristiansen.

LES OGSÅ: Annenhver barnehage har brutt loven

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter