Nyheter

Arvar forfallsbombe på 400 milliardar kroner

Mange vil byggje nytt. Få vil vedlikehalde det gamle. Norges nye regjering arvar eit rike som smuldrar opp.

Mangelen på vedlikehald er godt synleg i det offentlege Norge. Dei nyaste kartleggingane avdekkar forfall for nesten 400 milliardar kroner, viser ein gjennomgang Vårt Land har gjort.

I Arbeidstilsynet er dei bekymra. Regiondirektør Borghild Lekve fortel at tilsyn avdekkar at svært mange kommunar utfører vedlikehald etter skippertaksmetoden. Dei gjer tiltak, men ikkje systematisk.

– Manglande vedlikehald kan gå på helsa laus, seier regiondirektør Borghild Lekve i Arbeidstilsynet. Ho peikar på at det har vore ein sterk auke i astma dei siste 50-60 åra.

– Og for dei som lir av astma eller allergiar, gjer dårleg inneklima situasjonen verre.

Dårleg standard. I Norsk studentunion er dei misnøgde. Her ser dei at kroner som kunne vore brukt på å styrke utdanning og forsking, må brukast på akutt vedlikehald av universitet og høgskular som forfell.

– Arbeidet med systematisk vedlikehald må bli betre, seier leiar Ola M. Rydje.

Riksrevisjonen seier det slik i siste rapport om utdanningssektoren: «Det er særlig den bygningsmassen som Kunnskapsdepartementet har ansvar for som har en dårlig teknisk tilstand.»

Ingen fargeskilnad. Arnt Olav Hopland har granska samanhengen mellom politikk og økonomi og standarden på kommunale skulebygg. Forskaren ved Handelshøgskulen sender nokre trøystande ord til det avtroppande raudgrøne regimet:

– Det er ingen klar samanheng mellom politisk farge på kommunestyra og vedlikehald. Skilnaden går mellom kommunar som blir styrt av få, sterke parti og dei som blir styrt av veike fleirtalskonstellasjonar. I dei sistnemnde kommunane rammar dei mange hestehandlane vedlikehaldet med full tyngde. Det blir ikkje sett av pengar til å stoppe forfallet.

Nye bygg. Lysta til å byggje nytt har vore sterk under Stoltenberg I og II. Statsrådar har funne store summar til nybygging. I vår fann dei vel 5 milliardar kroner til nytt Nasjonalmuseum i Oslo - ein by som skal få fleire praktbygg dei komande åra.

- Nybygg for Nasjonalmuseet har vore under planlegging i snart 10 år. Det er difor ein viktig milestolpe som er nådd i arbeidet med å skapa ein fullgod hovudarena for visuelle kunstuttrykk, sa kulturminister Hadia Tajik (Ap).

I sommar var Østfolds nye sjukehus halvferdig:

– Dette vil bli eit topp moderne sjukehus. Når dette sjukehuset står ferdig vil alle sjå til Norge og Østfold for å sjå kva de har fått til her, sa helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) i august.

Stort etterslep. Legeforeningen viser fram eit heilt anna bilete. Etterslepet på vedlikehaldet av sjukehusa i Norge ligg på om lag 70 milliardar kroner. Berre i perioden 2007-2012 blei den tekniske standarden svekka monaleg, viser ei kartlegging konsulentselskapet McKinsey har laga for Legeforeningen. Halvparten av bygningsmassen treng oppgradering.

– I 2007 var den totale bygningsmassen som hadde eit oppgraderingsbehov på 40 prosent, så det har vore ein betydeleg auke sidan sist gong vi såg på dette i 2010, sa McKinsey-konsulent Torbjørn Furuseth under presentasjonen.

Direktør Lekve i Arbeidstilsynets region Vestlandet seier tilsynet opplever å bli tatt på alvor når det bankar på og avdekkar lovstridig forfall.

– Betyr dette at politikarar og andre ansvarlege eigarar ikkje gjer noko før tilsynet står i døra?

– Vi opplever at pålegga vi kjem med blir følgt opp.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter