Nyheter

Aksjonerer mot spelekioskar

To tsjekkiske selskap bryt norsk lov med overlegg, meiner Lotteritilsynet: Dei plasserer ut ulovlege spel som nordmenn kan tape store summar på.

– Vi planlegg å plassere ut 1.000 spelterminalar i Norge, seier Arne Jappéé til Vårt Land. Han eig selskapet Norske Lotteriservice som representerer to tsjekkiske selskap, Scandic Gaming og JensiGame. Han fortel ope at dei vil utfordre Norges spellovgjeving - og Lotteritilsynet:

– Vi plasserer ut dataterminalar som er kopla til internett og spelserveren ligg i Tsjekkia. Dermed følgjer vi tsjekkisk lov - og vi bryt ikkje norsk lov, seier han til Vårt Land.

Toppgevinsten på det Jappéé kallar terminalar – og Lotteritilsynet kallar speleautomatar - er 25.000 kroner. Her er ingen øvre grense for kor mykje ein kan tape.

Lovbrot. I Lotteritilsynet er dei tindrande klare på kva Scandic Gaming, JensiGame og Norsk Lotteriservice driv med:

– Dei bryt norsk lov. Seks kioskar i Bergen, Oslo og Fredrikstad er til no melde til politiet av Lotteritilsynet for å ha stilt opp ulovlege gevinstautomatar, fortel seniorrådgjevar Steinar Hatlestad i Lotteritisynet til Vårt Land. Ho legg til:

– I Noreg gjeld norsk lov for pengespel. Korkje EU-lover eller tsjekkisk lov påverkar spelmarknaden.

Kioskeigarane er melde for brot på lotterilova. Strafferamma er bøter eller fengsel i opp til tre år. Torsdag aksjonerte Bergens-politiet og tilsynet mot ein kiosk i byen som hadde takka ja til å stille opp det dei tsjekkiske eigarane kallar «spelterminalar».

Milliardar. Det var store summar i omløp så lenge nordmenn kunne spele på automatar: I 2005 blei det omsett for 27 milliardar kroner, og nettotapet for spelarane var på 5,2 milliardar, viser tal frå Lotteritilsynet.

Men den lukrative automatmarknaden blei avvikla 1. juli 2007. Etter lovendringa forsvann 12.000 av dei gamle gevinstautomatane over natta. Norsk Tipping fekk monopol på slike spel, og byrja etterkvart å setje ut såkalla «snille» automatar med 1.500 kroner i toppgevinst, og maksgrense for tap per månad på 2.200 kroner.

– No blir Norge utfordra av utanlandske spelentreprenørar som vil ha tak i nordmenns pengar, seier Hatlestad.

Lotteritilsynet meiner desse såkalla terminalane ikkje er anna enn speleautomatar, og krev dei fjerna ved hjelp av politiet, for spela bryt norsk lov.

Rettssak. – De ser med andre ord fram til ei rettssak som skal avgjere om de bryt norsk lov, Arne Jappéé?

– Ja, vi meiner Lotteritilsynet er på ville vegar.

Jappée, som har arbeidd i spelbransjen sidan 90-talet, fortel at han fekk ideen om å ta spela til Noreg på ei messe i London.

– Selskapet drivstort i Sverige. Eg meiner den norske marknaden nærast skrik etter det same, seier Jappée til avisa Varingen.

Utsegna får Lotteritilsynet til å reagere:

– Her er det nok meir snakk om at nokre entreprenørar skrik etter å få fatt i pengane til norske spelarar, seier seniorrådgjevar Steinar Hatlestad.

Han vedgår at det blir domstolen som i siste omgang avgjer kven som har rett; spelentreprenørane eller tilsynet.

Tippenekt. Ein av kioskane som er melde til politiet for å tilby ulovlege spel, er også kommisjonær for statsselskapet Norsk Tipping. Då dei tsjekkiskeigde spela blei oppdaga, kutta Norsk Tipping straks linene som overfører deira spel.

– For oss er dette ikkje akseptabelt. Vilkåra står tydeleg i kommisjonæravtalen, seier kommunikasjonssjef Magne Vikøren i Norsk Tipping til Fredrikstad Blad.

Arne Jappéé i Norske Lotteriservice at sjølv om Norsk Tipping nektar kommisjonærane å opne dørene for spela til Scandic Gaming og JensiGame, byr det ikkje på problem å finne andre som er interesserte.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter