Nyheter

Aasrud lover tomtefest-erstatning

Regjeringa vil dekkje tap som Den norske kyrkja er påført gjennom grunnlovstridig billegsal av festetomtar.

Det gjer kyrkjeminister Rigmor Aasrud klart i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Hans Olav Syversen (KrF), skriv Aftenposten.

Regjeringa påla Opplysningsvesenets Fond (OVF) å selje bustadfestetomtar billegare enn det som følgjer av tomtefestelova. For dei som framleis ønskte å feste tomtane sine, vart OVF pålagt om å redusere festeavgifta, eller auke den mindre enn det dei elles ville hatt høve til. Både innløysingsprisar og nye festeavgifter blei såleis langt under marknadsverdi.

Nederlag. Men i mai gjekk staten på eit sviande nederlag i Høgsterett: Høgsterett fastslo at pålegget frå regjeringa var i strid med Grunnlova. Det var KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon som gjekk til sak mot staten, med støtte frå Presteforeninga.

Etter dette nederlaget måtte regjeringa stogge billegsalet straks. Men dei tomtene som alt er selde, kan ikkje hentast tilbake. OVF gjekk til regjeringa med krav om eit vederlag på 500 millionar kroner, medrekna mindre inntekter som følgje av lågare auka i festeavgifta.

Departementet sa seg i brev 9. juli 2010 villig til å diskutere kompensasjon for tapet OVF var påført. 27. august var det møte mellom OVF og departementet. Departementet ba OVF klargjer dei enkelte tapspostane.

300 mill. Aasrud opplyser at departementet har motteke dokumentasjon for OVF-kravet for dei kring 1150 sakene der tomtene vart innløyste. Ifølgje Aftenposten utgjer denne delen av tapet 300 millionar kroner.

OVF arbeider no med å sende over spesifiserte utrekningar for tapet som følgje av nedjusterte eller redusert oppjusterte festeavgifter.

I svaret til Syversen skriv Aasrud at det vil komme framlegg om ein kompensasjon. «Departementet tar sikte på å komme tilbake med en proposisjon om bevilgning av en kompensasjon til OVF så snart omfanget av tapet er klarlagt», skriv ho.

Kyrkjelova. Det står altså ingenting i svaret om kor stor summen blir. Aftenposten skriv at det er ulikt syn mellom OVF og regjeringa på om dei kring 2000 nedregulerte festeavgiftene kan oppregulerast igjen eller ikkje. Aasrud opplyser i brevet at lovavdelinga i Justisdepartementet er kopla inn denne vurderinga.

Aasrud opplyser at kompensasjonsforslaget kjem til Stortinget saman med forslag til enkelte endringar i kyrkjelova.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter