I Nederland har aktiv dødshjelp vore lovleg sidan 2002. Vårt Land har henta inn tal for dei siste ni åra – og tala viser at vel 30.000 har fått hjelp til å døy i denne perioden. 2014-tala er ikkje blitt publiserte, men nederlandske medier trur dei vil liggje rundt 6.000. I perioden 2006-2013 fekk vel 30.800 nederlendarar aktiv dødshjelp.