Nyheter

11 nordmenn kjøper dødshjelp i Sveits

Er medlemmar hos sveitsiske Dignitas som hjelper folk til å ta sitt eige liv. VÅRT LAND MENER: Makaber dødsbutikk

Den siste norske borgaren melde seg inn for ein månad sidan hos klinikken som sidan 1998 har sytt for ein dødsdose til 1.032 menneske som ville ut av dette livet.

To nordmenn har meldt seg inn etter å ha fått kontaktinformasjon av Levi Fragell i Foreningen Retten til en verdig død.

Den eine er, ifølgje Fragell, «ei fornem eldre vestlandsfrue som ikkje vil at familien skal få vite om medlemskapen i Sveits». Den andre tok sitt eige liv for ei tid attende fordi det blei for komplisert å komme seg til Sveits. Fragell er usikker på om ein tredje også melde seg på hos Dignitas etter samtalen med Fragell.

LES OGSÅ: 10.000 underskrifter mot aktiv dødshjelp

Vil endra lova. Sjølv åtvarar den tidlegare generalsekretæren i Human-Etisk Forbund folk mot å søkje til Sveits for å avslutte livet.

Dei to har meldt seg inn trass i åtvaringane mine, seier Fragell.

Han understrekar at han ikkje åtvarar på moralsk grunnlag: Han ser ingen prinsipiell skilnad på å få hjelp av ein norsk lege og ein sveitsisk lege. Foreininga arbeider for å få endra norsk lov slik at det på visse vilkår skal bli lovleg å hjelpe nokon til sjølvmord.

Fragell fortel alle som tek kontakt om regelverket til den sveitsiske dødshjelporganisasjonen. Han opplyser at systemet til Dignitas er komplisert. Prosessen er krevjande med å omsetje helsejournalar og attestar til engelsk eller tysk. Språkproblem kan stoppe heile prosessen.

Reise og opphald kan krevje assistanse som bryt med norsk lov, og det å reise åleine kan vere ein vond måte å avslutte livet på for den som skal døy og for dei pårørande, seier Fragell.

Tilrår ikkje. Dei som ringjer til han, har fått ein alvorleg diagnose og veit at utsiktene er vanskelege for slutten av livet.

Til dei som seier at Dignitas er den einaste utvegen dei ser, seier eg at det er det frie valet deira og dei har respekten og omtanken min, seier Fragell.

Foreininga drøfta for ei tid attende om dei skulle vere aktive i å hjelpe folk til Dignitas. Konklusjonen blei at Fragell kan gje telefonnummer og adresse og fortelje om dei reglane som gjeld.

Men vi tilrår ingen å reise, seier Fragell.

Sveits vurderer innskrenkingar for å avgrensa dødshjelpturismen. Det skal strammast inn slik at berre dødssjuke kan få hjelp til å ende livet. Folk som lir av depresjon, skal ikkje få lov. Og tida det går frå nokon melder seg til dødsdosen vert gjeven, skal forlengjast som ein brems på dødshjelpturismen.

Eg forstår at Sveits ønskjer kontroll med grensene sine, seier Fragell.

Dignitas-grunnleggjar Ludwig Minelli har karakterisert forslaga som gammaldagse og nedlatande. Han har sagt at ved å nekte hjelp til sjølvmord for kronisk sjuke og folk som er psykisk sjuke, legg regjeringa til rette for einsame sjølvmord på togskinner.

Ein britisk organisasjon som sender mange til Sveits, vil merke innstramminga. 132 britar har enda livet hos Dignitas, melder avisa The Guardian som har gjesta Dignitas og Ludwig Minelli. Minst 800 britar er medlemmar.

Ein tysk organisasjon vil også få verre vilkår, trur Fragell.

Men for Noreg vil dette ikkje ha praktiske følgjer, seier han.

Ti nordmenn med norsk bustadadresse er medlemmar av Dignitas. Den første melde seg 17. juni 2005. Den siste norske statsborgaren melde seg hos Dignitas 21. oktober, opplyser Minelli til Vårt Land.

Men så langt er det ingen norske som har fått den dødelege dosen, opplyser Minelli.

Vil heller døy. Ifølgje medlemslista er den eldste norske medlemmen fødd i 1925. Den yngste er fødd så seint som i 1976. Majoriteten av dei norske borgarane er i 50-60-åra.

Det er to sveitsiske organisasjonar som tilbyr folk som vil døy, hjelp ut av livet. Exit har dørene opne berre for sveitsarar.

Dignitas får mykje kritikk for dødshjelpturismen.

Den ellevte nordmannen på medlemslista er Einar Skogen (62). Han bur i Skottland og sa til VG Nett tidlegare i haust at han «vil heller dø enn å råtne bort på et gamlehjem».

VÅRT LAND MENER: Makaber dødsbutikk

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter