Nyheter

1.330 medlemmer ute av KrF

– Langvarig trend, seier generalsekretær.

KrF har i august fått 38 utmeldingar og 34 innmeldingar. Sidan nyttår er 1.300 borte.

Inn- og ut-trafikken av partiet medan debatten om vedkjenningsplikta har gått, har altså nesten gått i null.

17 har oppgitt at dei har meldt seg ut av politiske grunnar. Dei som melder seg inn, oppgjev aldri nokon grunn for det.

Til liks med dei fleste som ber folk om å vere betalande medlemmer, opplever KrF tilbakegang. Sidan nyttår har partiet mista 1.330 medlemmar og er no komme ned i 35.030 medlemmar.

– Dette er ein langvarig trend. Det store fråfallet i medlemsmassen kjem kvart einaste år i mars/april når vi sender ut giroen med medlemsavgifta, seier fungerande generalsekretær Alf Rose Sørgaarden.

Inger Lise Hansen. I heile fjor fall kring 1.300 frå – men også då kom dei fleste ved forfallet for medlemsavgifta.

– Sjølvsagt var det somme som i vinter melde seg ut på grunn av debatten etter intervju med Inger Lise Hansen. Andre har meldt seg inn i slike debattider. Men dei fleste oppgjev ingen grunn, seier han og legg til:

– Vi har hatt mange medlemmar i høge årsklassar og opplever naturleg fråfall. Elles er det vanskelegare enn før å ha betalande medlemmar som vil støtte ei god sak. Dei som vil vere medlemmer, er folk som verkeleg vil noko med medlemskap, seier Rose Sørgaarden.

Nedgang. I fjor melde kring 2.500 seg ut medan knapt 1.200 melde seg inn. I 2008 var det netto nedgang i medlemstalet på kring 900 – med 2.800 utmelde og 1.900 innmelde.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter