Dyrkar mannleg samkjensle

Mellom bakkar og berg ut med sjøen kurerer kristne vikingar menn frå utforskap og einsemd. Dei ønskjer kulturarven heva og nye landsmenn vel og til.

Reportasje

– Me vil no utnemne Ove Ravn Hansen til utsending. Du har verva fleire nye medlemmar til gruppa, noko me er særs glade for. Du er ein menneskefiskar som det heiter i Bibelen. Du er ein stor bidragsytar og me set stor pris på å ha deg med oss, kjem det frå høvding Anders Kvåle Rue.

Tingmøtet applauderer. Høvdingen set handa på aksla til Ove og overrekker han ei brosje i bronse.

– Den neste me skal utnemne til nytt embete er Ole Håkon Jonsås. Du har gitt oss høve til å nytte eigedomen din til våre formål og har gitt oss så mykje fantastisk. Du er i tillegg ein stor støttespelar for meg personleg. I Olavs namn utnemner me deg til ringberar, uttalar høvdingen til ny applaus.

Høvdingen vender seg mot forsamlinga.

– Me held saman. Me kjempar saman!

Finne sin indre viking

Dei er Olavs Menn, ei kristen vikinggruppe med ei særs merksemd for Olav den heilage. Dei er ei gruppe for menn, arbeider for auka medvit om Olavsarven og seier sjølve at dei jobbar for å skape samkjensle og positiv identitetsutvikling. Det er Olsok og dei har markert dagen med å ro det svære vikingskipet sitt over Norsjø i Telemark. Jamleg samlast dei til forsamling her like utanfor Akkerhaugen.

Bakom alle kleda, sverda og kjensla for vikingtid og Olav, finst det menneske, i all hovudsak menn, som i likskap med oss andre lever i det 21. hundreåret, men som ønskjer å finne fram til vikingen i seg. Vegane inn er samansette.

– Jobben gjekk mykje utover det sosiale livet mitt. Eg trekte meg bort og mista vener og fellesskap. I mange år gjekk eg berre og var til, fortel Ove Ravn Hansen.

Ein dag bestemde han seg for å bli ein «yes-man», ein som seier ja til alle dører som opnar seg. Han høyrde om ei teaterforening i Nesjar som skulle spele ut vikingslaget ved same stad. Med den nye innstillinga vart han nøydd til å bli med. Ei dør vart til fleire, med tv-programmet Anno og gruppa Olavs Menn. Gruppa gav han noko som mangla.

– Her er ei gruppe menn som er tøffe på utsida, men som på innsida har sterke kjensler overfor kvarandre, tilbyr fellesskap og som jobbar for lokalmiljøet. Eg hadde sakna den biten der, fortel han.

Til slutt fann han også kjærleiken, gifta seg med kona si - i vikingklede - og fekk sonen Ferdinand Elias. Sonen er med, i kjortel og linbukser.

Mannsgruppe

Høvding Anders Kvåle Rue fortel at formålet med gruppa er å setje lys på Olavsarven og den kristne bodskapen, å bygge bru mellom vår tid og sagalitteraturen, men også å skape samkjensle. At gruppa i all hovudsak er for menn har si forklaring i at han meiner det i dag finst få arenaer der ein kan dyrke fram ein god samhug blant karar.

Olavs Menn har tilbode enkelte som har falle litt utanfor storsamfunnet eit nytt miljø i gruppa. Høvdingen fortel at dei har hatt kontakt med kommunen og med foreldre som ønskjer seg eit nytt samvær for sine unge menn.

– Psykisk liding knytt til einsemd er eit stort problem for mange i dag. Det er noko med ein brorskap, for å seie det litt høgtideleg, og ein meiningsfull fellesskap som me trur mange menn manglar - det å bli sett og verdsett, seier han.

Sjølv om dei er ei kristen vikinggruppe, legg dei seg ikkje opp i korleis den enkelte definerer trua si. Dei trår etter rikast mogeleg trusmangfald og opererer ikkje med nokon truvedkjenningsplikt.

– Mange er knytt til Den norske kyrkje, andre er pinsevener, og me skulle gjerne fått med oss nokre katolikkar og ortodokse òg. Samtidig er døra open for folk som ikkje er kristne. Dei som ikkje vil trivst hjå oss er dei som meiner kristninga av Noreg var eit mistak. Det har vore nokre av dei, fortel Rue.

Det er også kvinner til stades, kledde i flotte kjolar av ull. Åshild Rivrud deler ut rømmegraut.

Kvinnene vedkjenner at Olavs Menn ikkje er heilt som andre vikinggrupper, men at dei ikkje ser problemet med at gruppa i hovudsak er for menn. Det finst trass alt mange andre vikinggrupper ein kan ta meir del i som kvinne, meiner dei.

– Kanskje vi skulle starta Olavs kvinner òg? kjem det frå ei.

– Eg er først og fremst Jesus-kvinne, eg, lyder det frå Rivrud.

Vald og våpen

Alle medlemmane skal bere sverd, og fleire har også eigne spyd. Like ved er to unge gutar i kamp. Det er om å gjere å ta den andre på kroppen med sverdet. I kampens heite blir slaget med leikesverdet på lårmuskelen litt i det hardaste laget for ungguten, og han må ned for teljing. Etter kort kvile og nokre trøystande ord frå makkaren er han likevel raskt oppe att.

– Slåssinga og valden; kva for ei rolle har det?

– Me ønskjer jo å drive med haldningsskapande arbeid. Sverdkampane er berre leik, noko me er særs tydelege på, men eg tenkjer det også kan lære ungane om reglar til dømes, svarar Øystein Rivrud, medhøvding i gruppa.

Historisk var Olavs eiga tid valdeleg, fortel Rivrud. Det var heilt nødvendig å innføre lov og orden med sverd i hand. Sidan innførte han viktige kristne grunnpilarar til landet, som tilgiving, nåde, rettferd og bøn, samtidig som han fekk fjerna praksisar som blodhemn og barnedrap. Han meiner det er ein myte at Olav kristna Noreg berre ved sverdet.

– Olav kristna Noreg vel så mykje gjennom bøn, seier Rivrud.

Olavsarvdebatten

Også denne sommaren har debatten om Olavsarven prega avissidene, iallfall i Vårt Land. Prest og teolog Gyrid Gunnes vekte oppsikt då ho i eit innlegg etterlyste eit kritisk tilbakeblikk på Olavsarven frå eit minoritetssperspektiv. Retorisk spurde ho om me skulle vurdere å rive Nidarosdomen.

Leiar Anders Kvåle Rue skjøner at rivinga ikkje var bokstaveleg meint, men fortel at han likevel har lite til overs for tankestraumen som Gunnes med sitt innlegg representerer. Ein tankestraum han i verste fall tenkjer kan vere farleg.

– Det er mange som tar til orde for å hysje ned norsk kulturarv med ein tanke om at det gjer det lettare for nye landsmenn å ta del i det norske. Eg tenkjer at det er heilt motsett; at ein heller må oppfordre nye landsmenn til å ta del i den norske kulturarven - å invitere folk inn i Nidarosdomen. Viss ikkje står ein, i verste fall, i fare for å overlate historiene frå vikingtida til høgreekstreme. Det tenkjer eg kan vere farleg, seier han.

Rue fortel at han same dag på radio hadde høyrd kulturminister Abid Raja gå langs pilegrimsleden. Det gler han. Olavs Menn arrangerer vikingdagar i kommunen, kor flyktningar og asylsøkarar har kome til dei og fått innblikk i norgeshistoria, noko som går i tråd med overtydinga hans. Blant Olavs Menn fortel han at dei har enkelte medlemmar som har meir farge i huda enn han sjølv, men at han gjerne skulle ha hatt fleire.

Kledekontroll

Etter tingmøtet er det duka for kledekontroll. Kvar og ein blir kalla opp framfor høvdingen og får sine klede inspisert. Ifølgje leiarane sjølve trår dei etter at kleda skal vere mest mogleg autentiske og i nøktern stil.

– Me ønskjer ikkje mykje fargar. Det er særs viktig at me ikkje ser ut som noko sirkus, lyder det.

Sokneprest Morten Gravdal frå Norddal kyrkje er på norgesferie og har møtt opp for første gong. Han får så øyra flagrar for den raude kjortelen han har på seg. Den er ikkje sober nok.

Enkelte får ros for fyldig skjeggvekst og flagrande hårmankar, medan andre tek imot sanksjonar på manglande vikingsko og moderne beltespenner. Ettersom Telemark viste seg fram på ein av sine varme dagar hadde ein viking latt brynjene ligge heime. Øystein Rivrud informererer:

– Det same gjorde Harald Hardråde før han døydde i slaget ved Stamford Bridge. Så det må du aldri gjere.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje