CEUTA, SPANIA: Espana står det på skiltet. Kvite bokstavar på blå botn. Omkransa av 12 gullfarga stjerner. Det er hit dei vil, flyktningane og migrantane som reiser nordover i Marokko, mot Middelhavet - og eit ørlite stykkje Europa som klamrar seg fast på nordspissen av Afrika.