– Dei nynorske bøkene fortel ei alternativ teologihistorie

Jan Inge Sørbø har gått igjennom heile den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen til i dag. Nynorsken fekk tidleg rykte for å vere «gudlaus», men bøkene har vore laboratorium for religiøse idear.

Reportasje

Nynorsken var frå starten av ei målreising som hadde som ambisjon å samle heile Noreg. Krafta­ i det nynorske skulle fornye den norske nasjonen frå innsida. Folkeånda skulle vekkast til live. Etter kvart slo likevel ny­norsken seg til ro i opposisjon, som minoritetsspråk.
– Nynorsken blir forstått som eit opprørsk språk. Det skulle stå imot maktspråket. Frå dei tidlege ambisjonane om å bli hovud­kultur, blei erkjenninga i nynorskfolket at dei representerte­ ein motkultur, seier professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, Jan Inge Sørbø.
Måndag er det lansering av storverket Nynorsk litteraturhistorie, ei tjukk bok der Sørbø går igjennom den nynorske skjønnlitteraturen frå starten på midten av 1800-talet og fram til i dag.
– Kvifor skal vi snakke om ei nynorsk litteraturhistorie, og ikkje berre ei norsk?
– Det er naturleg å stille spørsmålet om den nynorske litteraturen er ein eigen litteratur med eigne kjenneteikn. Krinslaupet tyder på det: Først dukkar språket opp, så kjem det publikasjonar som brukar dette språket, deretter oppstår organisasjonslivet rundt språket, eigne forlag og distribusjonskanalar. Den litterære institusjonen blei laga frå grunnen av i alle ledd. I den forstand er den nynorske litteraturen ein eigen litteratur, laga av idealistar som meinte at han var viktig, seier Sørbø.

Utakt

Den nynorske littera­turen er tidvis i utakt med ­litteraturen rundt. Det nynorske­ prosjektet er både ein del av heile­ Noreg og dels isolert – både inne i varmen og ute i kulden på ein gong. I nokre tilfelle er dei nynorske forfattarane sentralt plasserte og med på å definere­ dei litterære periodane, slik blant anna Arne Garborg prega det ­realistiske og naturalistiske ­litteratursynet på 1880-talet.
– Ein del av utakten var der alle­reie frå starten av, i Ivar ­Aasens og Aasmund Olavsson Vinjes distanse til romantikken. Sjølv om Aasens språkprosjekt var inspirert delvis av nasjonalromantiske førestellingar om nasjonen, var litteraturen hans klassisk orientert, skeptisk til sterke kjensler, seier Sørbø.
– Henrik Wergelands utsegn om at han var ein for stor diktar til å skrive for eit så lite folk, er noko som ville fått Aasen til å le seg i hel.
Samtidig er den nynorske ­litteraturen heile vegen internasjonalt orientert, frå Ivar Aasens omsettingar av bibeltekstar, Goethe, Shakespeare og Schiller.

Nynorske pionerar

Ein viktig periode for den nynorske litteraturen er modernismen, der det finst pionerar som Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge. Desse sette eit tydeleg preg på samtidslittera­turen, sjølv om dei var i fåtal mot bokmålsforfattarane.
Ein annan utakt er perioden med Olav Aukrust, Olav Nygard, Henrik Rytter og Tore Ørjasæter, som skreiv svære klangrike dikt på 1910- og 1920-talet.
– Der var nynorsklitteraturen mykje meir romantisk enn bokmålslitteraturen, ein slags forsinka nasjonalromantikk der det nasjonale blei tenkt saman med den grundtvigske kristendommen, seier Sørbø.
Stilen til desse diktarane var høgstemt. Dei som seinare prøvde­ å skrive vidare i same leia, havarerte. I staden vender nynorskdiktarane attende til det enkle og nøkterne, ei linje som går attende til Ivar Aasen.
– Har det nøkterne vore ein grunnstreng i den nynorske ­litteraturen?
– Det har vore eit viktig innslag. Blant anna var det noko av grunnen til den store suksessen til dei nynorske salmane, der ting blir formulert utruleg ­enkelt: «Takk for mat og takk for klede, takk for arbeidskraft og glede.» Aasen gjorde jo det same tidleg­are, men dei nynorske salmane slo an ein tone.

Religiøse tematikkar

Denne­ kulturelle rørsla hadde frå starten­ av også religiøse aspekt. Religionen gjennomsyra samfunnslivet på 1800-talet. Det var utenkeleg å starte ei språkrørsle som var heilt religionslaus.
– Det var nokre ganske få ­«raringar» som ikkje var religiøse, seier Sørbø.
Religionskritikken som kom inn i den nynorske litteraturen på slutten av 1800-talet, gjorde likevel at nynorsken fekk rykte­ på seg for å vere «gudlaus». ­Difor blei salmediktinga ei viktig motvekt – ho balanserte biletet av den radikale og fritenkarske nynorsken.
– I kva grad har religiøse ­tematikkar prega den nynorske litteraturen?
– Særleg den grundtvigianske­ kristendommen har prega han. På grunnivå er dei nynorske forfattarane grundtvigianarar nesten alle saman. Slik er vekst­jorda, iallfall fram til andre verdskrig. Dei frilynte forfattarane var ikkje så ideologiske, men sterkt og alvorleg opptekne av religiøsitet. Dei var meir opptekne av skaparverk, nasjonalitet og sterk moral enn av tenking om synd og nåde.
Ifølgje Sørbø hadde dei frilyndte forfattarane ei nøktern tilnærming til trua som også innebar ein kritikk av pietismen. Pietistane stod lenge på sidelinja, organiserte i sine eigne bedehus, før dei etter kvart kom med i målrørsla, dei også, blant anna med forkynnaren Ludvig Hope. Då gjorde målfolket og pietistane felles sak, samtidig som dei også distanserte seg frå kvarandre. Og begge partar var opptekne av å ha eit godt moralsk omdømme.

---

Nynorsk litteratur-historie

  • Jan Inge Sørbø har saman­fatta heile den nynorske skjønnlitteraturen i verket Nynorsk litteraturhistorie (Samlaget).
  • Sørbø er professor i ­nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
  • I dette intervjuet snakkar han med Vårt Lands kulturredaktør, Alf Kjetil Walgermo,­ om den nynorske­ utakten og dei religiøse ­tematikkane i den nynorske litteraturen.
  • Walgermo er også for­fattar og står omtalt i Nynorsk litteraturhistorie.

---

Laboratorium

Kulturradikalismen har vore ei svært lita grein i den nynorske litteraturen, sjølv om det heile vegen finst nynorske forfattarar som distanserer seg frå det religiøse. Dei tre ­hovudposisjonane som Sørbø har identifisert – fritenkar, pietist og frilyndt – femner så å seie heile feltet fram til dei går i oppløysing på 1960-talet. Då blir pietistane frilyndte, mens dei frilyndte blir meir sekulære og liknar fritenkarane. I 1970 er heile kartet teikna på nytt.
Dei religiøse tematikkane har likevel vore til stades gjennom heile den nynorske litteraturhistoria. Og dei har vore viktigare enn Sørbø, som for alvor kom inn i litteraturen på 1970-talet, sjølv var klar over.
– Den gongen var religiøs ­tematikk noko sært. I det litterære hovudfeltet var religionen passé. Men i dei hundre åra før hadde religionen vore eit hovudtema for forfattarane. Litteraturen var eit laboratorium der forfattarane også prøvde ut religiøse idear. Den nynorske litteraturhistoria er ei alternativ teologihistorie. Dette er eit interessant forskingsfelt, som eg gir nokre vegstikker til i denne boka, seier Sørbø.

Pietistisk modernist

Alfred Hauge er ein av forfattarane Sørbø trekker fram i boka si. Han samanliknar han med salme­diktaren Matias Orheim, slik begge tek utgangspunkt i det ­pietistiske og arbeider seg inn i eit anna kultursyn. I det nye kultursynet er dei framleis lojale­ mot kjernen i det pietistiske.
– Hauge gjer først det som alle andre i den pietistiske littera­turen gjer etterpå. Han er ei stjerne i boka mi, i den forstand at han er ganske åleine om å vere ein modernistisk, eksperimentell prosaforfattar mellom Tarjei Vesaas og 68-arane, seier Sørbø.
Han peikar elles på lyrikaren Paal-Helge Haugen som ein forfattar som tidleg tok opp ­dialogen med sine haugianske for­fedrar, og er i stadig dialog med dei bibelske tekstane samtidig som han er godt opplesen på nyare litteraturteori.
– Han reformulerer på mange­ måtar det tradisjonelt religiøse­ inn mot det moderne. Han er den mest tradisjonstunge ­modernisten vi har, ein sentral og stor forfattar.
Ein annan interessant forfattar, ifølgje Sørbø, er Aslaug Vaa. Ho kan ikkje kan kallast religiøs i kyrkjeleg forstand, men var opptatt av at den teknologiske kulturen har mista ein dimensjon ved mennesket. I det afrikanske landet Angola fann ho det ho oppfatta som ein «heilare» kultur der himmel og jord, sjel og kropp var integrert på ein annan måte. Dette prøvde ho å finne uttrykk for i bøkene sine.
– Aslaug Vaa er undervurdert og lite forstått, seier Sørbø, som også nyttar høvet til å trekke fram «gløymte» forfattarar som Gro Holm og Engvald Bakkan.
Etter 1970 er biletet av den nynorske skjønnlitteraturen opent. Fleire forfattarar brukar religiøse­ referansar i bøkene sine.
– Edvard Hoem er eit av ­eksempla på at «ingenting stemmer lenger». Han vender tilbake til det religiøse og har ikkje noko behov for å «knerte ned» pietismen. I staden undersøker han den pietistiske tradisjonen heilt fritt, og skriv både innsiktsfullt og kjærleg om sin far som lever i denne, fortel Sørbø.
– Kven andre vil du trekke fram frå den nynorske litteraturhistoria for lesarar som er interesserte i eksistensielle ­tematikkar?
– Tarjei Vesaas' bøker står seg ekstremt godt. Særleg etterkrigsbøkene, som Tårnet, Fuglane, Brannen og Is-slottet.
– Vi må gi litt Vesaas til Vårt Land-lesarane. Må ein elles vere særleg oppteken av nynorsk for å ha utbytte av den nynorske ­literaturhistoria di?
– Nei, det trur eg ikkje. Det held å ikkje vere altfor fiendtleg, seier Jan Inge Sørbø.

Aslaug Vaa er undervurdert og lite forstått

—   Jan Inge Sørbø

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje