Trygg i stormen

Lasse Heimdal vaks opp med ein far som var traumatisert av krigen. I den kristne trua fann han livd og håp.

Min tro

Oktoberregnet bøttar ned i hovudstaden. Inn frå gata, med sykkelhjelm og vassavstøytande klede, kjem ein roleg, men entusiastisk mann i slutten av 50-åra. Han har nettopp signert ein stor kontrakt på vegne av Norsk Friluftsliv, organisasjonen han forlèt etter tolv år som generalsekretær. På taket av eit kommande storbygg midt i Oslo sentrum, på staden der Postgirobygget står no, skal det bli friluftsområde. Her skal barn og vaksne få inspirasjon til turar ut i skog og mark.

– Vi skal ha ei urban turisthytte på taket. Det blir høve til telting, og til å sove i hengekøyer. Så skal vi sende barna vidare derfrå og ut i det grøne, seier Heimdal fornøgd.

Det var 205 organisasjonar som tevla om den attraktive takplassen midt i byen. Norsk Friluftsliv stakk av med sigeren. Ein kunne kalle det for toppen av kransekaka, i eit år der pandemien har løfta friluftslivet i Noreg til nye høgder. Store internasjonale medier som The Guardian og National Geographic har allereie skrive om trenden.

For Lasse Heimdals del er 2020 også ei avslutning på eitt kapittel, og starten på eit nytt. For to veker sidan begynte han som generalsekretær i Kirkens SOS, den største døgnopne krisetenesta i landet. I tillegg til dei 50 tilsette samlar organisasjonen eit breitt lag av friviljuge som tek telefonvakter ikkje minst på nattetid. Å ha nokon å prate med når det er som mørkast, kan for enkelte vere forskjellen på liv og død.

– Vi jobbar med å gi menneske reiselyst, seier Heimdal, og spenner med det ei bru frå den førre jobben til den nye.

Turbulent oppvekst

Han har sjølv vore ute i hardt vêr, ikkje berre i friluft, men også eksistensielt. I oppveksten i Asker hadde han ein far som var traumatisert av krigen.

– Han trudde at tyskarane framleis var etter han. Han var ofte psykotisk. I denne situasjonen var det frigjerande for meg å bli med i eit kyrkjeleg miljø, der det var trygge vaksenpersonar som viste meg omsorg og kjærleik.

På galleriet i Asker kirke klistra søndagsskulelæraren opp bilete av Jesus og sauane på flanellografen. Han fortalte om korleis Jesus møtte menneske. Og etter annakvar setning, ifølgje Heimdal, sa søndagsskulelæraren: «Er det ikkje fint?»

– Vi måtte jo nikke med, då. For det var jo fint. Det var fantastisk. Eg fekk ein grunnleggande tryggleik av at Jesus lever og at han bryr seg om oss. Det har vore noko å lene seg til også når livet har vore krevjande.

Denne tryggleiken har følgd han gjennom fleire utfordringar. Eitt av dei fire barna hans fekk svulst på hjernen, først i 4-årsalderen og deretter i 11-årsalderen. Den andre gongen var Heimdal utstasjonert som sjømannsprest i Miami. Han valde å reise heim til Noreg med familien for å følgje opp guten på best mogleg vis.

– Vi brukte nokre år på å komme på beina igjen etter det. Det var ein lang og krevjande etappe. Å kjempe for livet for barna sine er gjennomgripande smertefullt, det er ei reise som eg ikkje unner nokon, seier han.

Vanskar med mat

Han har også opplevd å stå i tøffe tak på jobben, då firmaet han jobba for opplevde kollaps i ei barnehagebrakke dei hadde levert. Og dei seinare åra har han hatt vanskar med kosthaldet. Han fiskar opp ein lapp frå lommeboka, med ei lang liste over matvarer han reagerer på. Det begynte etter ein influensa. Han merkar kor vanskeleg det er å stå utanfor ulike typar måltidsfellesskap, både i sosiale lag og kyrkjelege settingar. Og han må jobbe for å halde oppe vekta.

Sine eigne utfordringar snakkar han ikkje høgt om. Også Paulus hadde ein torn i kjøtet, som han seier. Men det å ha eit sjukt barn, prega han. Sjølv om han ikkje har tvilt på at det finst ein nådig Gud, erfarte han ikkje at Gud var nær i desse tøffe periodane. Heller tvert om: Gud var taus.

– I periodar orka eg ikkje å be eller lese i Bibelen. Livet var for krevjande. Det var krevjande nok å puste, fortel han.

---

Lasse Heimdal

  • 58 år
  • Gift med Kathrine. Har fire barn.
  • Kjem frå Asker. Bur på Nordstrand i Oslo.
  • Gjekk nyleg av som generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
  • Starta denne månaden som ny generalsekretær i Kirkens SOS.

---

I denne situasjonen gjorde det likevel inntrykk å få vite at det var vener som bad. Det var vener som trudde for han. Vener som las.

– Då kunne eg seie til meg sjølv: Eg orkar ikkje å be, men eg veit at det er andre som gjer det. Sjølv må eg prøve å komme meg igjennom dagen, og det er greitt. Det handlar ikkje berre om mi tru, men om vår tru. I dei brattaste motbakkane i livet kan trua til dei vi har rundt oss vere den viktigaste støtta, når mi eiga tru skjelv og vaklar. Det var slik eg sjølv opplevde det: Det var dei andre si tru som bar meg, ikkje mi.

Fornying av trua

Tryggleiken på at Gud er glad i han, har aldri forsvunne. Heller ikkje då han opplevde at livet er krevjande og at kyrkja ikkje alltid kan gi fullgode svar. Han tok teologistudiet, men venta i mange år før han lét seg ordinere til prest. Gjennom festivalen Korsvei, der han også har vore festivalleiar, opplevde han ei forløysing på dette feltet. Han  omtaler det som ei fornying av trua. Trua handlar ikkje om fasitsvar, men om gode vegvisarar.

– Korsvei kjem ikkje med svaret på livet ditt, men har nokre vegar til deg som du kan leite langs: Søke Jesus Kristus, bygge fellesskap, leve enklare, fremje rettferd. Du blir sjølv utfordra til å leite etter svar. Svara kan vere ulike frå person til person, for Gud har utrusta oss på ulike måtar.

Eit godt døme på dette er ei gudsteneste han ein gong deltok i ein stad på Hadeland. Sjølv opplevde han gudstenesta som så uuthaldeleg treig og keisam at han knapt kunne vente på at kyrkjeklokkene slo tre gonger tre slag. Men då gudstenesta endeleg var ferdig og han ville skunde seg ut, var det ei dame ved sida av han som såg på han med tindrande auge og sa: «Du, var ikkje dette fantastisk!»

– Det er reint utruleg korleis Gud møter oss på ulike måtar. Det er ikkje eg som skal setje tronge normer for kva som er bra eller dårleg, eller korleis religion skal opplevast av andre menneske. Denne dama blei møtt av Gud. Ho budde i byen og var komen heim til bygdekyrkja si. Der fekk ho oppleve evangeliet. Eg tenker at det er heilt nydeleg.

Lys- og mopedunderet

Heimdal fortel ei anna historie om eit Guds møte med ein tvilande ungdom. Han omtaler framleis hendinga som eit under. Ungdommen i forteljinga er han sjølv. For då han var 16 år, stilte han seg spørsmålet ved om trua berre var eit vern og ein redningsplanke for han, eller om han verkeleg trudde på Gud. For første gong landa han på at han ikkje lenger kunne tru.

– Eg hadde ein moped på den tida, som starta på Guds nåde. Eg brukte å be for at motoren skulle verke, for eg var dårleg til å mekke. Midt på natta skulle eg på jobb med å levere aviser for Aftenposten, men no – etter at eg hadde sagt ifrå meg Gud – fekk eg ikkje lenger start på mopeden. Eg måtte slenge han ifrå meg i eit kratt og i staden ta beina fatt. Rett før eg kom til ein lyktestolpe som skapte ein lyssirkel på bakken, var det som om eg høyrde ei røyst inne i meg som sa: «No har du gjort noko naturstridig, så sjølv ikkje denne lyktestolpen vil lyse for deg.» I det eg sette foten innanfor lyssirkelen, forsvann lyset. Så fort eg hadde gått forbi, blei lyktestolpen tent igjen.

16-åringen fekk noko å tenke på, for å seie det sånn. Og då han kom tilbake til mopeden sin etter at skiftet var over, kapitulerte han overfor Gud:

– Eg erkjente at eg hadde gjort noko dumt. Eg bad til Gud og sa at eg trong han på grunn av vanskelege forhold, men at eg trong han også uavhengig av det. Og straks starta mopeden igjen, på første forsøk. Heidenskapen min varte med andre ord ikkje så mange timane.

– Ei nattevakt på jobb for Aftenposten?

– Ja.

Han ler.

Nærvær i naturen

Desse episodane fortel Heimdal om ein Gud som ser til den enkelte, og som kjem menneske i møte etter behov og livssituasjon. Sjølv har han i mange år kjent på Guds nærvær i naturen, der Østmarkskapellet i Oslo har blitt den viktigaste kyrkja hans. For å komme dit, må ein gå nokre kilometer gjennom skogen.

– I Østmarkskapellet får eg fleire rundar med gudstenester. Den eine når eg er på veg opp. Den andre inne i kyrkja. Og den tredje når eg er på veg ned igjen.

I dei brattaste motbakkane i livet kan trua til dei vi har rundt oss vere den viktigaste støtta.

—   Lasse Heimdal

– Kor viktig er naturen for trua di?

– Han er vanskeleg å kople ifrå. Det begynner jo allereie på den første sida i Bibelen. Naturen er ein stad der eg opplever at Gud talar. Der får ein både roa og stilla til å lytte – til seg sjølv og sin eigen kropp, og til trusrefleksjon. Å kjenne seg liten i det store er ei gåve.

Påskegudstenester i skogen talar særleg sterkt til han. Der blir evangeliet truverdig, ved ein Gud som skaper liv av daude. Alt dette får han i Østmarkskapellet. Han trekker fram det rause, varme og folkelege, som appellerer sterkt til han, og som minner han om Sjømannskirken.

I same slengen blir han fylt av entusiasme kring eit potensielt tårnprosjekt ved kapellet som ligg ved ei av dei gamle flyktningrutene til Sverige. Inne i kapellet heng det bilete av flyktningar av i dag og norske flyktningar under andre verdskrigen. Draumen er å bygge eit tjue meter høgt utsiktstårn der ein kan sjå innover flyktningruta i retning nabolandet.

– Vi kallar det ei utsiktstårn for innsikt. Der kan vi reflektere over situasjonen for flyktningar i dag, og rundt kyrkje og tru. Korleis vi som kyrkje og truande kan bidra i ei verd med åtti millionar flyktningar. Vi må ha høgare ambisjonar enn å hjelpe 50 menneske, det er eit pinleg mål. Vi må heller tenke over korleis vi som nasjon kan hjelpe 5.000 eller 50.000. Ikkje alle skal hjelpast her, ikkje alle flyktningar har det godt i Noreg eingong. Men at vi skal hjelpe, at vi kan det, det må stå fast: Vi kan vere viktige bidragsytarar.

Ballast for livet

For Lasse Heimdal er trua nært knytt til samfunnsetikk og samfunnsansvar. Det doble aspektet høver godt saman med jobben han har gått inn i som generalsekretær i Kirkens SOS. Det sentrale i livssynet hans er likevel tryggleiken han snakkar om. At Gud elskar oss, også når det stormar. Han har sjølv erfart det. Og han har erfart trua, håpet og kjærleiken. Trua som varmar han. Håpet som styrker han. Kjærleiken som løfter han, og gjer han i stand til å bety noko for andre.
Evangeliet ser han på som ei frigjerande gåve og som ein ballast for livet. Han startar kvar morgon med å lese i Bibelen og be for andre menneske, men ser ikkje på seg sjølv som spesielt from.

– For mange er trua ei livsreise, og det er viktig å vere raus overfor andre med omsyn til kvar på reisa dei er akkurat no. Også her gjeld det å skape reiselyst.
Sjølv har han fått opplæring i ei tru der Jesus er nærverande i kvardagen. Ei tru som gir håp for framtida.

– Gud har ein veg og ei meining med livet ditt. Eg trur på ein Gud som ser moglegheitene i deg, til glede for deg sjølv og for nesten din, seier Lasse Heimdal.

– Dette har iallfall vore ein god bodskap for meg.

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Laura Djupvik

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Haddy Njie

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Kjetil Vestel Haga

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Kaj-Martin Georgsen

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Joanna Rzadkowska

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Tord Gustavsen

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Olav Fykse Tveit

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Solfrid Molland

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Anne Hege Grung

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Muhammad Rafiq

---

4 raske

  • Gud er: God.
  • Eg klarer meg ikkje utan: Kona mi.
  • På gravsteinen min skal det stå: Vi sest igjen, eller noko sånn. Eventuelt hadde eg hatt lyst til å skrive til den som passerer at Jesus har eit mål for deg, både for dette livet og det kommande.
  • Boka alle må lese: Eg les faktisk ikkje så godt, klarer knapt å lese ei bok. Til dei som har det som meg – les eit avsnitt, eit utdrag, ei novelle, eller finn eit godt bidrag på YouTube med lyd og bilete. Men eg kan svare Bibelen. Og eg har tenkt å lese Tania Michelets Min egen vei – fra Mao til Gud.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro