Motorsagpolitikaren

Mange vert overraska når Ada Johanna Arnstad seier at ho er kristen.

Min tro

– Alle seier: Du er vel arveleg belasta og har fått Senterparti-politikken inn med morsmjølka? Men det har eg ikkje!

Ada Johanna Arnstad sit i ein sofa i kollektivet ho bur i saman med tre andre. Ho har dagens siste rest av vårsol i ryggen. Før vi kjem i gang med intervjuet ryddar ho vekk ei datamaskin, nokre papir og ein almanakk frå bordet. Logoen til Senterpartiet pregar fleire flater. Ho har førebudd seg til helgas landsmøte.

Som 14-åring melde ho seg inn i partiet. Men det at mange i familien er aktive i Sp – mellom anna tante Marit Arnstad, som er parlamentarisk leiar – var eit argument mot å velje Sp, fortel ho.

– Ein vil jo gjerne vise at ein kan stå på eigne bein. Eg skulle ikkje bli politikar.

Men Arnstad har tru på politikken, på at den kan endre samfunnet. Og i helga står ho på talarstolen under partiets landsmøte, som leiar for Senterungdommen, for tredje gong.

Pippi

Ho kjenner på nervane. Men om ein vil vere ein god leiar, er dette ein del av pakken, tenker ho.

– Då må eg berre late som at eg er Pippi og tenke: Det går så fint!

Sp har gjort det bra på meiningsmålingar i det siste, og Arnstad hevdar årets landsmøte vil vere prega av stor semje. Ho tek sats og er innom både sentralisering, natur, politi og sjukehus i løpet av nokre få minutt.

I tillegg vil ungdomen mellom anna legge fram ein klimaresolusjon under landsmøtet.

– Det er ikkje nok å snakke om klima, vi må faktisk gjere noko med det også. Her ynskjer eg at partiet skal vere endå meir ambisiøst.

– Trur du de vil få gehør hjå moderpartiet?

– Eg er positiv. Og om nokon prøver seg, så stiller vi opp og lagar bråk!

Sinnsro i skogen

Arnstad vart fødd i Sverige, der faren kjem frå, men familien flytta til Trøndelag då ho var tre år gammal. Der vaks ho opp på garden Skatval Vestre saman med storebror, veslebror, mamma og pappa.

Ein fantastisk leikeplass, kallar ho det.

– Vi hadde mykje natur å springe rundt i. I tillegg lærte vi ein god arbeidsmoral. På ein gard er det ikkje sånn at arbeidsoppgåvene forsvinn om du ikkje tek i eit tak, og du kan ikkje kjøpe deg ut av det heller. Om du ikkje bidreg, må nokon andre i familien gjere det.

Ho lærte òg å respektere naturen og korleis den skal forvaltast. Garden ser ho på som ei gåve frå dei som budde der før, og det ligg ei stoltheit i det å prøve å gi den vidare i betre stand. Sjølv om ho ikkje er odelsjente.

Bak det eine stabburet på garden, har ho sin eigen haug. Der ryddar ho skog med motorsag så ofte ho kan.

– Det er ikkje noko som må gjerast, men det er eit område som har grodd att. Og for kvar gong eg får tatt unna meir skog, får vi eit større område som sauene kan beite på.

Heimgarden har ikkje vore i drift på lenge, men kvar sommar har dei sauer på beite. Arbeidet i skogen står i sterk kontrast til kvardagen som ungdomspartileiar i Oslo.

– Her sit eg på eit kontor og sender e-postar. Arbeidet med motorsaga er konkret, og eg kjenner at eg brukar kroppen. Og så får sinnet litt fri. For meg er dette den beste mindfulnessen som finst.

---

Ada Johanna Arnstad

  • Fødd 13. august 1992 i Sverige.
  • Vaks opp på Skatval i Trøndelag.
  • Har studert fornybar energi og internasjonale studier på Ås og i Oslo.
  • Har vore president i Nordiska Centernungdomens Förbund.
  • Har vore leiar i Senterungdommen sidan 2016. Ho er no den lengstsitjande kvinnelege leiaren for ungdomspartiet.
  • Hjartesakene hennar er klima, folkestyre og det å utjamne sosiale forskjellar.
  • Ho står på tredjeplass i Trøndelag for Senterpartiet til valet i haust.

---

Det er viktig som menneske å kjenne på at det finst ein Gud som ser deg

—   Ada Johanna Arnstad

Frå SV til KrF

Gangen i kollektivet på Marienlyst i Oslo rommar mange skopar og jakker. Her har Arnstad budd sidan ho flytta til Oslo for fire år sidan. På peishylla står eit stort bilete av dei fire trønderjentene som brukte å bu der. No er den eine bytta ut med ein gut frå Austlandet.

– Han har gøymt seg på rommet sitt, seier ho og smiler.

Ho let att balkongdøra, marslufta er skarp på ettermiddagen. På bordet står store tekoppar og ein knall rosa vasskokar.

Det var ikkje lett å velje politisk parti. Til slutt sto det mellom SV og Sp for 14-åringen.

– Eg var litt meir radikal då enn no. Det er mange av ideane i sosialismen eg likar, men ikkje nødvendigvis korleis det vert gjennomført i praksis.

I dag hadde valet stått mellom Sp og KrF.

– Kvifor KrF?

– Fordi det er eit parti som bygger på det beste frå høgre- og venstresida, og som har tru på ei anna eining enn individet og staten. Det er frivilligheit, familie og lokalsamfunn. Eg meiner Sp er den fremste forkjemparen for dette i dag, men etter Sp kjem KrF.

Etter KrFs retningsval i fjor haust, er ho derimot usikker på om partiet freistar like mykje. I utgangspunktet tykkjer ho det er klokt å skilje religion og politikk, og somme saker hadde vore vanskeleg for henne å svelgje som KrF-politikar.

– Det går på abort og det går på homofile. Eg meiner kjærleik og det å vere medmenneskeleg kjem så tydeleg fram i det kristne. Korleis kan då gamle formuleringar i Bibelen trumfe det? Det er ikkje i samsvar med mi tru.

Trøyst i trua

For 26-åringen kjennest det riktig å kalle seg kristen. Men når ho fortel det til vener, kan dei reagere med eit gisp og seie: Orsak, har eg sagt noko gale til deg nokon gong?

Ho ler.

– For meg går det fint at folk trur og at folk ikkje trur. Tru er noko personleg, mellom deg og Gud. Men det er nok mange i min generasjon som tykkjer det er veldig uvant at nokon er erklært kristen og villig til å tru på noko større, seier ho.

Ungdomspolitikaren har ikkje Bibelen på nattbordet og kan ingen bibelvers på rams. To tekstar er rettleiande for gudsbiletet hennar: Blå salme av Erik Bye og Fattig bonddräng av Astrid Lindgren.

– Det handlar om vensemd, det gode og å vere raus. At det finst ein Gud som ser deg og som du er verdifull for, uansett om du vil det eller ikkje. Det er viktig som menneske å kjenne på det, og å prøve å følgje nokre av dei overordna bodskapane som kristendomen har med seg. Eg prøver ikkje å overbevise andre om å bli kristne, men for meg er det viktig, seier ho.

Som 16-åring opplevde ho døden tett på for første gong. Då vart trua ekstra viktig.

– Farmor døydde og eg innsåg at dette livet tek slutt ein gong. Det gjorde at eg byrja å tenke meir over korleis eg ynskjer at livet skal vere og kva eg ynskjer for dei rundt meg.

Å kome til kyrkja, var ei trøyst og ein lette. Når livet er vanskeleg, søkjer ho framleis dit i dag.

– Eg går gjerne innom, helst heime på Skatval. Og om eg har med familiemedlemmar, så syng vi veldig høgt i kyrkja, seier ho og ler.

Ho minnast gudstenester i barndomen, der mange unngjekk å heve røysta under allsongen i kyrkja. Men mora og mormora hennar tok i.

– For dei var det noko viktig. Du er i kyrkja og du syng ein god bodskap. Då spelar det inga rolle korleis du syng det, men det skal høyrest!

---

4 raske

  • Gud er: God
  • Eg klarar meg ikkje utan: Musikk
  • På min gravstein skal det stå: Ta bolig i deg selv (frå diktet Ett er nødvendig av Hans Børli)
  • Boka alle må lese: Jenny av Sigrid Undset

---

Det å snakke med nokon som nærast kan Bibelen utanåt, kan få meg til å spørje: Er eg eigentleg kristen?

—   Ada Johanna Arnstad

Mormor

Hennar største førebilete er dei to bestemødrene. Ho har eit nært forhold til mormora på 81 år, som vaks opp i ein haugianarheim.

Dei likar begge å diskutere, sjølv om dei ikkje alltid er einige. Til dømes når dei snakkar om homofiles rettar og deira plass i religionen.

– Eg meiner jo at det er tru, håp og kjærleik og at den største av dei er kjærleiken. Korleis kan ein fordømme det at to menneske er glade i kvarandre, når det er snakk om samtykkande vaksne? Er ikkje det det motsette av bodskapen i Bibelen, spør ho.

Ho er imponert over kor stor respekt mormora har for endringane som har skjedd i samfunnet i hennar levetid.

– Ho ser ikkje negativt på menneske som er homofile. Men vi har hatt nokre diskusjonar om kva som er i tråd med religionen.

– Kva får du ut av diskusjonane med henne?

– Mykje læring! Og det utfordrar mi eiga tru. Eg les ikkje Bibelen kvar kveld, eg brukar ikkje den ordrett som råd for korleis eg skal leve. Det å snakke med nokon som nærast kan Bibelen utanåt, kan få meg til å spørje: Er eg eigentleg kristen? Men eg er framleis det, og eg trur på Gud.

– Har ho nokon gong fått deg til å endre meining?

– Ja. Eller av og til utvidar ho mi forståing. Særleg når det gjeld korleis samfunnet utviklar seg. Alt går så enormt fort i samfunnet vårt. Korleis skal vi sikre at vi tek vare på... Korleis skal eg seie det...

For første gong i løpet av intervjuet må ho stoppe opp og tenke seg om før ho held fram. Ho tek opp papiret som ligg att etter teposen og riv den sakte i bitar medan ho snakkar.

– Det er to faste punkt i det å vere eit menneske, liv og død. Kva skjer når vi som samfunn, i høgt tempo, byrjar å røre ved desse punkta? Der har vi hatt eit par interessante diskusjonar som gjer at eg til dømes er imot aktiv dødshjelp og ein del bioteknologispørsmål. Det er ikkje slik at eg bastant landar på ein konklusjon kvar gong, men vi må ha respekt for menneskes liv og død.

Det gode

Når andre opplever ufortent motgang i livet, når liv er i fare eller når ho ser vondskap mellom menneske, kan det få henne til å tvile. Men ho kjem alltid tilbake til det at jobben hennar er å dyrke det gode, ikkje det vonde.

Det å skulle mistenkeleggjere andre, når det til dømes gjeld politisk spel, strir med trua hennar.

– Eg vil heller ta feil av nokon éin gong enn å mistenkeleggjere nokon som vil godt, seier ho.

Ho skildrar kvardagen som ung politikar som gjevande og stressande. Ofte tenker ho at ho bør stikke innom ei kyrkje i Oslo, at det ville gjort henne godt.

– Om ein heng seg fast i kvardagen, så risikerer ein å bli meir smålig og ikkje gi folk den sjansen dei fortener. Du gløymer kva som er kjernen.

Det at så få går til gudsteneste, bekymrar henne.

– Vi har ikkje lenger den timen der menneske samlast for å reflektere over eigen person og samfunnet rundt seg. For mange har ikkje dette blitt erstatta av noko. Det tykkjer eg er verdt å tenke over, seier ho.

– Det er viktig med etiske refleksjonar uavhengig av kva ein trur på. Det er kanskje ikkje så naturleg for folk å sette av tid til det i dag, og det er fint så lenge det er det dei ynskjer. Men eg håper at alle har rom for refleksjon over sitt tilvære.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro