Lov og tru

Claudine Tsongo Mbalamya ser ikkje på arbeidet sitt som eit kall. Men ho kunne ikkje gjort det utan Gud.

Min tro

– Trua har vore ei styrke for meg, fordi arbeidet eg gjer er basert på mine verdiar. Og mesteparten av dei verdiane fekk eg frå mi tru.
Claudine Tsongo Mbalamya sit på kontoret til organisasjonen CARE, midt i Oslo. Ho er i byen i anledning utdelinga av Nobels fredspris 10. desember.
Rommet vi sit på er varmt. Utanfor høyrer vi trikken daldre fordi. Det er 40-åringens første besøk til Noreg, og ho likar det så langt. Sjølv om det regnar kvar dag.
Ho ramsar opp verdiane som er viktigast for henne.
– Rettferd. Sanning. Det er ikkje alltid lett å seie sanninga, men eg må gjere det. Og kjærleik. Utan kjærleik, kunne eg ikkje gjere det arbeidet eg gjer.

Lidenskap

Mbalamya bur i byen Goma i Den demokratiske republikken Kongo. Der er ho dagleg leiar for organisasjonen Dynamique des Femmes Juristes (DFJ), som ho og seks klassekameratar ved universitetet i byen starta for tolv år sidan.

Mellom 1998 og 2003 vart mellom fem og seks millionar menneske drepne i Kongo, då ulike opprørsgrupper kjempa mot landets regjeringsstyrkar. Kvinner og jenter vart systematisk valdtekne som ein del av krigføringa.

Mbalamya og resten av gjengen i DFJ ynskjer å hjelpe offer for seksuell vald, slik at dei kan få dei rettane dei har krav på.
– I etterkant av konflikten var det mange organisasjonar som fokuserte på medisinsk og psykisk hjelp. Og det er bra, men det var ikkje nok.
DFJ jobbar med å informere om ulike typar lover til folk på grasrota. Lover som kan vere til nytte for dei som blir utsett for overgrep.
– Viss folk veit om sine rettar, kan dei også hjelpe å implementere dei. Vi ser ikkje dei berre som offer, men hjelper dei til å endre sine eigne liv. Dei må tru på eit liv etter valdtektene og greie å sjå framover.

Ho skildrar arbeidet som advokat som ein lidenskap. Då ho var lita, var ho svært oppteken av «kostyma» advokatane brukte. I tillegg såg ho korleis kvinner og jenter vart diskriminert der ho vaks opp.
– Eg vart sjokkert då eg fekk vite at somme jenter ikkje fekk gå på skule berre fordi dei var jenter.
Sjølv fekk ho gå på skule og fullføre den. Ho bestemte seg for å bli stemma til sårbare og fattige som ikkje hadde ei stemme i eigne liv.
– Og den lidenskapen førte meg til DFJ, fortel ho.

Takkar Gud

Mbalamya vaks opp i ein katolsk heim. Ho lærte bøner av mora og gjekk i kyrkja kvar søndag.
– I barndomen var det ei plikt. Då eg vart vaksen, såg eg ingen grunn til at eg skulle gå vekk frå trua.  
I dag går ho i kyrkja når ho kan og praktiserer trua mest heime. Ho ber kvar dag, før ho går heimafrå.
– Eg ber om støtte til dagen som kjem. Og når eg kjem heim, må eg takke Gud. Alt eg er og alt eg har, har eg fått frå han. Då må eg vere takksam.

---

Claudine Tsongo Mbalamya

  • 40 år, gift, fire barn.
  • Frå Den demokratiske republikken Kongo.
  • Utdanna advokat og skipa Dynamique des Femmes Juristes (DFJ) i 2006. DFJ arbeider med å bistå offer for seksuell vald. Ho er framleis dagleg leiar og jobbar også som advokat.
  • Bur i Goma i provinsen Nord-Kivu, rett ved grensa til Rwanda.
  • Er i Oslo i desember 2018 i samband med utdelinga av Nobels fredspris til Nadia Murad og Denis Mukwege.

---

Eg veit vi har den same bibelen, men vi tolkar den på forskjellege måtar

—   Claudine Tsongo Mbalamya

– Spelar trua di ei rolle i arbeidet du gjer?
Ho sukkar stille.
– Ja, men eg prøver å halde dei frå kvarandre av og til. Eg er katolikk, men eg må også gi rom til dei som ikkje trur, og eg har ei plikt til å hjelpe også dei om dei treng det.
Av og til organiserer ho og DFJ debattar i små landsbyar, om sosiale normer og diskriminering av kvinner. Då er det alltid ein lokal leiar som tek fram Bibelen og brukar historier i den som døme på kvifor kvinner bør vere underordna menn.
– Men eg er ikkje klar for å gå gjennom den diskusjonen. Eg veit vi har den same bibelen, men vi tolkar den på forskjellege måtar. Og somme tolkingar er feil! Fordi eg trur på kjærleik, og det inneber ikkje diskriminering av eller vald mot kvinner.

Lov før tru

40-åringen er engasjert i alle svara ho gir. Morsmålet hennar er fransk, men engelsken er stødig. No og då må ho be om å høyre spørsmålet på nytt, for å vere sikker på at ho forstår riktig.

I 2014 kom det ei 14 år gammal jente til Mbalamya for å be om hjelp. Ho hadde blitt valdteken og vart gravid. No visste ho ikkje kvar ho skulle gjere av seg.
– Vi måtte først få henne til å forstå kva som hadde skjedd. Deretter prøvde vi å få henne til å akseptere graviditeten eller akseptere at ho kunne ta seg av det på ein annan måte. Men ho var heilt motlaus.
Jenta kjende ikkje mannen som hadde valdteke henne. Ho hadde ikkje foreldre som kunne hjelpe. Abort var utelukka, det såg ho på som lovbrot.

Både abort og prevensjon er tema Mbalamya dagleg må ta stilling til.
– Som katolikk må eg vere balansert når det gjeld ... Korleis skal eg seie det.
Ho tenker nokre sekund. Ho peikar på debatten i den katolske kyrkja når det kjem til prevensjon. Sjølv er Mbalamya ikkje klar for å bruke mange av metodane som finst for å hindre graviditet.
– Men eg er open og fri til å gi informasjon om dette til dei som treng det, slik at dei kan ta eigne val. Eg kan ikkje påverke andre til å tenke som eg gjer.
– Er dette utfordrande for deg?
– Ikkje så veldig, for eg har bestemt meg for å gjere det på denne måten. Eg føler ikkje eit press for å gjere det annleis. Om du er ueinig med meg, så er det greitt. Men gi meg høve til å seie kva eg meiner, så vil eg også gi deg det høvet.

I dagleglivet hennar er Kongos lover ei rettesnor.
– Tru kan vere kontroversielt, men lova gjeld alle. Derfor må vi fokusere meir på lov enn tru.

Den 14 år gamle jenta fullførte graviditeten og fødde ein son. DFJ sørgja for at ho fekk gå på skule igjen eit år etterpå og leita etter ein familie til henne. I 2017 besøkte jenta Mbalamya igjen, som eit nytt menneske. Ho hadde gått på skule og sonen hennar var blitt 2-3 år. No var ho klar for å dele si historie med andre i same situasjon.
– Eg trur eg hugsar den historia ekstra godt fordi eg var med frå start til slutt. Eg var veldig stolt over kva vi kunne gjere for henne, seier Mbalamya.

Alt kan skje

I løpet av eitt år, kan DFJ hjelpe 250 menneske. Dei aller fleste er mindreårige jenter som er blitt valdtekne. I somme miljø lever framleis trua på at valdtekt av små jenter vil føre til auka økonomisk suksess for overgriparen, fortel Mbalamya.
Det er ofte vanskeleg for vaksne offer å bevise at dei ikkje hadde frivillig samleie. Om offeret er under 18 år, blir det derimot automatisk kalla valdtekt under kongolesisk lov. Då er det lettare for DFJ å hjelpe.

Mbalamya skildrar eit komplekst samfunn der ting endrar seg raskt. Av og til blussar væpna konflikt opp. Etter nokre månadar kjem ein slags fred. Og så ...
– Alt kan skje når som helst.

Akkurat no fokuserer ho og kollegaene på valet, som går av stabelen 23. desember. Dei arbeider mellom anna med å assistere kvinnelege kandidatar, som slit i eit politisk landskap dominert av menn. Mbalamya fortel at dagens leiarar prøver å hindre at opposisjonen kjem til orde.
– Vi står overfor fleire menneskerettsbrot.

Motstand mot endring er det største hinderet for DFJ i det daglege. Lokale leiarar er ofte ikkje klare for å endre på skadelege sosiale praksisar. I tillegg er det mykje korrupsjon i rettssystemet.

Mbalamya skulle ynskje at dei kunne vere til stades i fleire små landsbyar. Men mange område er utrygge.
– Har du følt deg trua sjølv?
– Av og til. Hovudsakleg når vi hjelper jenter og kvinner som er offer for overgrep av opprørsgrupper, soldatar eller politimenn. Eller andre mektige overgriparar. Men om vi får media til å dekke rettssaka mot dei, blir det vanskelegare for dei å gjere oss noko.

Ikkje eit kall

40-åringen er glad for at den katolske kyrkja i heimlandet er open mot andre trussamfunn. Dei kan organisere økumeniske samlingar der dei ber for fred i landet, og av og til vert det arrangert bryllaup mellom katolikkar og ikkje-katolikkar.

Ho sukkar når ho blir spurt om å skildre si eiga tru.
– Eg veit ikkje. Eg trur på Gud. Eg trur også på Jesus og den heilage ande, og eg har kjærleik for Maria. Eg trur også på Bibelen, men eg er kritisk til somme deler av den.
Mbalamya trur på krafta i bøn og Guds makt i dagleglivet hennar. Men ho opplever ikkje arbeidet ho gjer som eit kall.
– Eg trur ikkje at Gud tvingar meg til å gjere det eine eller det andre. Han hjelper meg å hjelpe andre menneske og til å gjere det som er rett. Personleg er det ei plikt for meg å hjelpe kvinner som er meir sårbare enn meg, og Gud assisterer meg i det arbeidet.

Betre framtid

Når situasjonen i landet er utrygg og ho ser folk bli drepne kvar dag, hender det Mbalamya tenker: Kvifor, Gud?
– Men eg prøver å ikkje henge meg opp i det, for om eg ser på historia har Gud tillete slike ting før. Ikkje for å gjere oss redde, men for å minne oss på at vi må gjere livet betre. Det som skjer, er vårt ansvar. Og vi må hjelpe kvarandre for å få eit fredeleg samfunn, meiner ho.
Av og til kan ho føle at Gud er langt borte. Men etter nokre dagar eller veker, greier ho å sjå noko positivt ved situasjonen. Og då takkar ho Gud.

Sjølv om situasjonen i Kongo ofte er utfordrande, trur ho at DFJs arbeid utgjer ein forskjell. For kort tid sidan vart mange familiar oppløyste når ei syster eller ei mor vart valdteken. Hovudsakleg på grunn av skam.
– Men vi greidde å hjelpe nokre familiar til å forstå situasjonen, slik at kvinnene ikkje vart gjort til offer to gongar. Det var ikkje lett, men vi nådde fram til somme.
For mange offer er det lettare i dag å snakke om det dei har opplevd enn for fem-ti år sidan, ifølgje Mbalamya, sjølv om seksuell vald framleis er tabu i Kongo.

Ho håper på betring for den komande generasjonen.
– Eg håper eg kan bidra til eit steg framover for dei som kjem etter. Borna mine skal få eit betre liv enn det eg har.

---

3 raske

  • Gud er: Alt.
    Eg klarar meg ikkje utan: Lufta eg pustar. Og trua på Gud.
    Boka alle må lese: Bibelen

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro